Det nye jølsterbandet «Månevenn» realiserer gutedraumen med EP-en «Til alle der ute».
Ein gutedraum
- Dette er ein gutedraum som går i oppfylling, seier Hugo Mølmesdal om kompisgjengen si innspeling av den nye EP-en «Til alle der ute».
For det er ikkje så ofte at nye band med røynde musikarar oppstår i Sunnfjord. Månevenn er eit slikt prosjekt.
Fem «unge» menn med lang erfaring frå ulike band bestemte seg for å satse på eigen musikk og eigen produksjon. Resultatet av satsinga så langt er plata «Til alle der ute» med fem sjølvproduserte låtar.
Vi har jo spelt coverlåtar i ulike band i mange år. Men Joakim Hanevold har skrive ein del songar sjølv og lagt på kassegitar. No fekk vi høve til å gjere noko saman her, «etter gammalt av», fortel Mølmesdal om den kreative prosessen rundt låtane.
Pop for dei som likar rock
- Det er sterke kjensler å lage musikk. Om vi har vore gode venner før, så har vennskapsbanda blitt endå sterkare etter at vi byrja å lage musikk saman. Det å skape noko saman, det er ei god kjensle, seier Mølmesdal.
Han skildrar musikken til Månevenn som ei blanding av pop og rock med tekstar på nynorsk. Bandet likar å kalle musikken som pop for dei som likar rock.
Tekstane syng dei på morsmålet, og tar opp enkle, trivielle og mellommenneskelege tema.
Debuterer på heimebane
Månevenn har lagt sin alle første konsert til Skei Hotel den 22. mars. Det er ikkje tilfeldig.
Det er på ein måte vanskeleg å verte profet i eiga bygd. Men i Jølster er det stor musikkinteresse, og jølstringar er engasjerte i det lokale kulturlivet, seier Mølmesdal som håper at det kjem så mange som råd frå både Jølster og resten av fylket.
Vi er fem karar som har jobbane våre ved sida av, så eg trur ikkje dette blir eit fulltidsprosjekt sjølv om vi tenker musikk 24 timar i døgnet. Det viktigaste for oss er at vi kan gle fleire med vår lidenskap for musikk, seier Mølmesdal, og legg til at målet er å komme ut og spele for «alle der ute».