Rektor Grete Øren på Hafstad vgs. i Førde har politimeldt tagginga som måndag vart oppdaga på skulen. Det vil koste om lag 20 000 kroner å fjerna tagginga.
– Eg synst dette er både trist og ubehageleg. Vi har no meldt dette til politiet, seier Øren.
Kan bli dyrt
Ho fortel at det er eit område på nedsida av skulen, mot elva, som er utsett for tagging.
– Dette er eit område av skulen der vi sjeldan er. Ein lærar som heilt tilfeldig gjekk der måndag kveld oppdaga tagginga, fortel Øren.
Vaktmeistrane på skulen reknar med at det vil koste mellom 15 000 og 20 000 kroner å få fjerna tagginga.
– Dette er førebelse tal. Det kan komme til å bli endå dyrare, seier Øren.
Mistenkjer ikkje elevar
Ho understrekar at ho ikkje mistenkjer nokon av sine eigne elevar for å stå bak dette.
– Skulen her er ti år. Vi har hatt om lag 4 500 elevar her, og det har aldri vore antydning til hærverk, seier Øren.
Ho håpar politiet finn ut kven som står bak dette.
– Dette må stoggast før det spreier seg. Dette er unødig, og vi ser det også som viktig å få fjerna dette så fort som råd. Slik vil vi ikkje at det skal sjå ut rundt oss, seier Øren.