Politihusbygginga i Florø er i gang

BYGGET: Slik blir nye Sogn og Fjordane politikammer.

BYGGET: Slik blir nye Sogn og Fjordane politikammer. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Entreprenøren Åsen & Øvrelid har no starta grunnarbeidet og pela tomta til det nye politihuset i Florø. Bygget skal stå klart til desember 2008.

DEL

Om lag 85 personar får arbeidsplassane sine i det nye politihuset i Florø som skal romme politidistriktet med operasjonssentral, administrasjon, retts- og påtaleeining, politistasjon for Flora, alarmsentral og kriminalomsorg.

Byggherre er Florø Ski, som er eit sameige mellom INC-gruppa i Florø og SKI OPS, eigedomsselskapet til skikongen Bjørn Dæhlie og partneren hans, Vidar Svendby. Florø Ski har inngått ein tjueårig leigeavtale med politidistriktet om bygget.

Tomta, som er sentralt plassert i Strandavegen med administrasjonsbygget til Fjord 1 Fylkesbaatane som næraste nabo, ligg berre eit steinkast frå den noverande politistasjonen i byen. Tomta er på 3000 kvadratmeter, og det nye politihuset får eit samla golvareal på 4100 rutemeter. Bygget er teikna av Oslo-arkitekten Stein Halvorsen.

Førdefirmaet Åsen & Øvrelid har hatt ei rekkje oppdrag i Florø dei siste åra, og er parallelt med politihuset også i sving med å byggje eit forretningsbygg på Krokane, like ved Statoilstasjonen og Krokane barnehage.

Artikkeltags