Politiet avkreftar rykte

Mannskap frå Røde Kors, hundeekvipasjar og politifolk held laurdag og søndag fram leitinga etter den sakna 35-åringen Per-Arne Hestenes i Gloppen.

Mannskap frå Røde Kors, hundeekvipasjar og politifolk held laurdag og søndag fram leitinga etter den sakna 35-åringen Per-Arne Hestenes i Gloppen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Under leiing av politiet heldt drygt 30 personar laurdag fram søket etter den sakna 35-åringen Per-Arne Hestenes.

Det vart ikkje gjort funn i løpet av dagen, og leiteaksjonen ved Reed i Breim vil halde fram søndag kl. 09.00 med tilsvarande styrke frå Røde Kors og Norske Redningshunder.

Hestenes har vore sakna etter at han for ei veke var involvert i ei bilulukke på fylkesveg 60 mellom Byrkjelo i Gloppen og Utvik i Stryn.

Les òg: Etterlyser 35-åring

Avgrensa område

– Vi leitar i eit avgrensa område for å forsikre oss om at han ikkje er i det området, seier Gloppen-lensmann Nils Ove Roset til Firda laurdag.

Roset seier dei jobbar ut frå ein teori om at den sakna har flytta seg i retning Reed og E39.

– Kvifor trur de det? Har de funne spor etter den sakna?

– Vi legg til grunn den siste mobiltelefonen politiet hadde med den sakna rett etter ulukka. Informasjon frå basestasjonar i området syner at han då flytta seg i retning Reed. Andre spor har vi ikkje.

Avkreftar rykter

Det går mellom anna rykte om at mobiltelefonen og lommeboka til den sakna skal vere funnen?

– Slike funn kjenner i alle høve ikkje eg til. I situasjonar som dette er det heilt vanleg at det svirrar alle slags rykter. Politiet har som sagt ingen form for spor etter den sakna.

Uforståeleg forsvinning

– Kva tankar gjer politiet seg om denne forsvinninga?

– Dette er ei forsvinning som politiet ikkje forstår noko av. Vi mistenkjer ikkje at det har skjedd den sakna noko kriminelt. Og bilulukka han var involvert i gjev heller ikkje grunn til å tru at han skal vere skadd.

– Vurderer de å setje helikopter inn i søket?

– Nei, vi søkjer i eit avgrensa område med høvesvis greitt terreng. Vi har ute mannskap frå Røde Kors, hundeekvipasjar og polititenestemenn. Slik terrenget og situasjonen er gjer vi leitejobben best til fots, avsluttar Roset.

Artikkeltags