Plutseleg gjekk traktoren gjennom

Traktoren gjekk gjennom isen på Hornindalsvatnet under skogshogst onsdag ettermiddag.

Traktoren gjekk gjennom isen på Hornindalsvatnet under skogshogst onsdag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Isen svikta på Europas djupaste.

DEL

Frode Navelsaker fann det forsvarleg å bruke isen på Hornindalsvatnet som traktorveg, men plutseleg svikta isen på Europas djupaste innsjø.

Det var under skogshogst langs vatnet i området ved Kjøspollen uhellet skjedde, skriv Fjordingen.

Hogg hol fleire stader
Navelsaker køyrde på isen på Hornindalsvatnet heilt inne ved land, og han er glad for at det berre var ein meter djupt der isen svikta.

- Eg kontrollerte isen nøye på førehand, og hogg hol fleire stader for å sjekke tjukna, seier Navelsaker til firda.no.

Berekningane hans tilsa at isen skulle halde traktoren, men så var det ein plass som ikkje var sjekka og skilde seg ut.

- Traktoren gjekk gjennom på eit punkt der det var tre-fire meter med roten is ein halvmeter frå land, seier Navelsaker.

Skvatt ikkje
Han kunne klatre tørrskodd ut av traktoren, som var rundt ein meter under isen på eine sida.

- Eg skvatt ikkje, fordi eg visste kor djupt det var der, seier Navelsaker.

Han hadde ikkje følt seg like roleg om uhellet hadde skjedd lenger ute på vatnet. Hornindalsvatnet er på det djupaste 514 meter djupt og Europas djupaste innsjø.

Traktoren som gjekk gjennom isen tok ingen skade av dukkerten i isvatnet, og Navelsaker brukte den til skogshogst i same området då firda.no snakka med han fredag ettermiddag.

- Eg fekk hjelp av ein kamerat med kranbil til å få traktoren opp igjen, fortel Navelsaker.

Artikkeltags