PFU skal vurdere Firdaligaen

FIRDALIGAEN: PFU meiner avisa Firda ikkje har brote pressetiske reglar når dei kjøpte namnet Firdaligaen til 3.-divisjonsfotballen i fylket.

FIRDALIGAEN: PFU meiner avisa Firda ikkje har brote pressetiske reglar når dei kjøpte namnet Firdaligaen til 3.-divisjonsfotballen i fylket. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Styret i Sogn og Fjordane Journalistlag har klaga Firdaliga-avtalen mellom Sogn og Fjordane fotballkrins og Avishuset Firda inn for Pressens Faglige Utvalg.

DEL

– Bakgrunnen for klagen er at vi ønskjer ei prinsipiell avgjerd, slik at journalistlaget veit kva ein har å halde seg til når det gjeld slike sponsoravtalar, seier fylkesleiar Jon Sørland i Sogn og Fjordane Journalistlag til firda.no.

Har skapt rabalder

Det skapte store debatt i lokale medium då Avishuset Firda og fotballkrinsen i vår signerte sponsoravtalen som inneber at herranes 3. divisjon avdeling 16, skiftar namn til Firdaligaen dei neste fire åra.

Blant dei sterkaste kritikarane var NRK sin distriktsredaktør som i ein nettkommentar omtalte Firdaligaen som «Ein klissete avtale». Redaktør Bengt Flaten i Fjordingen i Stryn var også skeptisk. Han ønskte ikkje å skape blest om Firda.

– Tekstreklame

– Styret i journalistlaget meiner ein har gått for langt i høve til det gjeldande regelverket. Dette er etter vår meining ei opplagt sak, seier Sørland og viser til Tekstreklameplakaten.

Han ser ei klar utvikling der marknadskreftene stadig blir sterkare.

– Men tek vi feil, er vi sjølvsagt opne for å bruke namnet Firdaligaen, understrekar Sørland.

Tipping og Tippeligaen

På landsmøtet til Norsk Journalistlag på Gardermoen denne veka, vart det også vedteke å klage NRK sin Norsk Tipping-avtale og TV 2 sin omfattande Tippeliga-avtale inn for Norsk Presseforbund. Sistnemnde gir også TV 2 redaksjonelle føremoner med monopol på levande bilete og førsterett på intervju ute på arenaene.

– Det er ein balansegang. Av og til trakkar ein over. Det er ein god del skjult marknadsføring i andre medium som burde ha vore rydda opp i, seier Sørland.

Stang: – Godt å få avklaring

NJ-leiaren håpar Firdaligaen blir tema alt på neste PFU-møte den 22. mai. Det stiller sjefredaktør Jan Atle Stang i Firda seg positiv til.

– Det blir interessant for oss å for avklart desse tinga. Det har vore ein del støy rundt dette. Vi har heile tida forfekta at vi med Firdaliga-avtalen ikkje er unike i høve til praksis i media siste åra. Det skal blir greitt å få høyre PFU sitt syn på denne saka, seier Stang til firda.no.

Artikkeltags