Per J. Husabø er død

Artikkelen er over 6 år gammel

Tidlegare stortingsmann sovna stille inn sist laurdag.

DEL

Tidlegare stortingsrepresentant Per J. Husabø frå Leikanger er død, vel 83 år gamal.

Husabø representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget i åtte år frå 1977 til 1985. Før dette hadde han vore vararepresentant i perioden 1973 til 1977. Han var i tillegg vararepresentant til FN si internasjonale generalforsamling frå 1981 til 1985.

Han har utdanninga si frå Statens Gartnerskole og Norges Landbrukshøgskole på 1950-talet, og arbeidde seinare blant anna som forskar i Danmark og vitskapleg assistent ved landbrukshøgskolen på Ås.

I 1965 kom han heim til Sogn og arbeidde frå då som forsøksleiar ved Statens forsøksstasjon på Njøs i Leikanger. Han har elles gjeve ut ei mengd vitskaplege publikasjonar.

Per J. Husabø var fødd 6. mai 1928 og sovna stille inn heime på Leikanger laurdag 3. mars 2012.

Artikkeltags