Pågreip Sunnfjord-mann etter SMS til AUF-leiaren

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Ein mann busett i Sunnfjord har vore under etterforsking for drapstrugsmål mot Eskil Pedersen.

DEL

Om føremiddagen laurdag 23. juli mottok leiar i Arbeidarpartiet sin ungdomsorganisasjon (AUF), Eskil Pedersen, ei tekstmelding med eit innhald som der og då vart oppfatta som eit drapstrugsmål.

Dette var under eit døgn etter at massakren på Utøya var avslutta. Og politiet visste enno ikkje om dei leitte etter fleire gjerningspersonar utover Anders Behring Breivik.

Politiaksjon i Sunnfjord

Etter det Firda.no kjenner til vart SMS-meldinga til Pedersen sendt frå ein mann heimehøyrande i Sunnfjord.

Då Pedersen fortalte politiet i Buskerud om meldinga han hadde fått, vart det slege full alarm og politiet i Sogn og Fjordane vart bedne om å gå til væpna aksjon mot avsendaren si bustadadresse.

- Det er rett at politiet i Sogn og Fjordane aksjonerte mot ei bustadadresse i Sunnfjord relativt umiddelbart etter terrorangrepa, stadfestar politiinspektør Ronny Iden i Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Han var fungerande politimeister i dagane etter 22. juli.

Avhøyrt same dag

- Vi gjennomførte avhøyr med vedkommande same dag og innleia etterforsking. Saka er i dag henlagt som følgje av bevisets stilling, seier Iden.

Politiinspektøren sit ikkje med detaljinformasjon om saka når firda.no tar kontakt, og ønskjer ikkje å gå inn på korvidt mannen dei pågreip er ein såkalla kjenning av politiet eller ikkje.

Fekk ordre frå Austlandet

På tidspunktet drapstrusselen vart sendt var politiet enno ikkje sikre på om Anders Behring Breivik stod bak 22. juli-angrepa på eiga hand, eller om dei leita etter fleire gjerningsmenn.

- Årsaka til at vi gjekk til aksjon mot ei adresse her i Sunnfjord, var ei anmodning vi motttok frå Nordre Buskerud Politidistrikt, forklarer Iden.

Både Utøya og dei overlevande sin tilhaldsstad dei første timane, Sundvolden, høyrer til dette politidistriktet.

Det skal ha vore Nordre Buskerud som tok dei politimessige avgjerslene i trusselsaka mot Sunnfjord-mannen, medan sjølve arrestasjonen og avhøyra vart gjennomført av polititenestemenn i Sogn og Fjordane.

AUF-leiaren utstyrt med valdsalarm

I eit større Aftenposten-intervju med AUF-leiar Eskil Pedersen kjem fram at han nettopp 23. juli vart utstyrt med valdsalarm.

I dagane som følgde skal trugslar og sjikane haldt fram med å kome på sms, telefon, brev og meldingar på Facebook. Dette skjedde samstundes som han- og dei andre overlevande opplevde ein nasjonal hyllest frå det store folkedjupet.

- Eg forsøkte å ha eit samlande bodskap etter 22. juli. Likevel er det nokon som hatar oss, hatar meg, sjølv etter at dette hende. Sjikanen er aggressiv, og den gjer vondt. Kan dei ikkje berre late oss vere i fred, seier Pedersen i intervjuet.

Artikkeltags