Politiets operasjonssentral fekk ved 18.30-tida måndag kveld melding om ein person som var på sykkeltur gjennom Naustdalstunnellen.

Det var ein bussjåfør som melde ifrå om syklisten. Vedkommande hadde ifølgje politiet ikkje lys på sykkelen.

- Det er forbode å for for syklistar å ferdast i tunnellen, opplyser politiet.