- Det er veldig moro å bli tatt ut på landslaget. Det er ei stadfesting på at eg er god nok. Sjølv om klubblaget er det viktigaste, er landslag ein fin bonus, seier Førde-jenta Sara Eriksen (16).

Ho har tidlegare vore på landslaget i fotball (J15), og i førre veke fekk ho stadfestinga på at ho er med landslaget (J17) som skal til Russland og spele EM-kvalifisering i volleyball. Der er ho med som einaste libero.

Eriksen er nettopp ferdig med ein lang fotballsesong med damelaget til Førde. Men det blir lite kvile for 16-åringen, ettersom fokuset hennar no er heilt og fullt mot volleyball.

Krevjer struktur

- Det blir mykje i periodar, men eg er veldig flink til å strukturere kvardagen. Eg må planleggje dagane der eg har trening og liknande, seier 16-åringen, men legg fort til at skule også er viktig.

- Skule er det viktigaste. Det er første prioritet. Men eg tar med meg evna til å planleggje frå skulen til trening. Dermed får eg tid til både volleyball og fotball, seier Eriksen, som får gode skussmål frå Førde sin damelagstrenar i fotball, Geir Hoff.

Talent

- Det er ikkje noko tvil om at Sara er eit usedvanleg talent. Og ho har eit godt hovud i tillegg. Ho kan nå langt både i fotball og volleyball, men eg håper vi får ha ho i Førde eit par år til. Kjem moglegheita til Sara, skal ikkje vi stå i vegen, seier Hoff.

Sjølv trivest 16-åringen godt i Førde, der ho kan bedrive begge idrettane sine. I haustferien hadde ho eit treningsopphald hjå Sandviken sitt damelag i fotball. Der fekk ho bryne seg på spelarar på det øverste nivået i norge.

Og med landslaget i volleyball får ho no også nye erfaringar og utfordringar å vekse på, men Eriksen har enno ikkje teke valet med kva idrett ho satsar hardast på.

- Eg forstår at eg ikkje kan drive med begge deler heile vegen om eg ønskjer å bli best mogeleg. Men eg har ikkje betsemt meg for kva eg vil satse på, seier Eriksen.

Fleire frå Førde VBK

Men Eriksen er ikkje den einaste frå Førde sitt volleyballag som kan komme i aksjon på landslaget under EM-kvaliken i Russland.

I bruttotroppen som vart teken ut i haust, er Sara Eriksen med som einaste libero, Martine Mallasvik er teken ut som kant/diagonal, Julie Tvinde er teken ut som kant/midtspelar, og Karoline Nore er teken med som midtspelar.

Troppen er allereie redusert ot gonger sidan bruttouttaket, noko som gir dei fire gode sjansar til å hamne i det endelege uttaket.