Sjølv om skulen er slutt for året og det er sommarferie, ligg ikkje Chris Andre Hestetun Havnen (10 1/2), Marthe Mjåseth Kjøsnes (91/2), Ronja Årskaug Vallestad (12), Magnus Hjartholm Gripsgård (11 1/2) eller Andreas Kapstad Tyssekvam (10) på latsida.
Banden på seks er nemleg på gardsferie på Flatheim 4H-gard, der Heidi Vallestad og mannen Sigurd Årskaug set dei unge i sving denne veka.
Stål i bein og armar
Der ungar før i tida gjerne «uffa» seg over trevlar i nevane etter hardt arbeid på bøane, gliser denne gjengen frå øyre til øyre.
– Det er kjekt å hesje, seier Magnus Hjartholm Gripsgård med favnen full av gras, men han skjønner godt at bøndene har gått over til andre arbeidsmetodar.
Tanken bak
– Det skal jo vere litt leik og litt alvor, smiler Heidi Vallestad.
Dette er andre året ho og mannen Sigurd Årskaug arrangerer gardsferie.
– Tanken er at dette skal vere ein mellomting mellom leir og gardsferie. Litt som i gamledagar då ungdommane vart sende ut på bygda for å arbeide. Ungane skal få oppleve samanhengen mellom arbeidet på garden og drifta. Graset dei hesjar og lauvkjervane blir mat til dyra, seier Vallestad, og legg til at ungane skal få prøve slikt dei ikkje gjer til vanleg.
Lykka er ein loden pels
Noko av det aller kjekkaste med å vere på gardsferie, er nærkontakten med dyra som borna skal vere med på å stelle.
– Eg synest det er veldig kjekt å kose med dyra. Eg liker mjuke dyr, seier Marthe Mjåseth Kjøsnes og stryk varsamt på ein loden kanin av typen «god blanding».
– Det er veldig kjekt å mate dyra og å kose med dei, seier Andreas Kapstad Tyssekvam.
Høgt og lågt
På gardsferien får også ungane utfalda seg på fleire måtar:
– Vi har padla i kano, stelt dyra, bada i elva, laga mat på gamlemåten i kokegrop og leika, fortel dei, så engasjert som berre ungar kan.
Og i resten av gardsferien skal dei lære å lage lauvpermar og rabarbrasaft, sove i lavvo, sjå etter sauene på beite og overnatte på stølen, for å nemne noko.