Gå til sidens hovedinnhold

På denne skulen trivst dei best i landet

Artikkelen er over 13 år gammel

Går ungen din der?

Sunde oppvekstsenter er ein god stad å vere. og å lære.

Iallfall dersom ein skal tru Elevundersøkelsen 2008. Der kjem det fram at elevane på Sunde oppvekstsenter i Førde, saman med elevane på Fåset skole i Hedmark gir skulane sine 4,9 av 5 moglege poeng når det gjeld trivsel.

Rektor Sindre Roska trur resultata botnar i medviten satsing frå kommunen.

Berre indikatorar

– Det har vore gjort eit medvite arbeid i Førde med klare målsetjingar reint pedagogisk. Det trur eg vi ser resultat av no, seier Roska.

Han presiserer likevel at han har eit balansert forhold til slike undersøkingar.

– Dette er berre indikatorar, og ikkje ein fasit, seier Roska.

Han legg likevel til at det faktum at Sunde-elevane har gode fysiske tilhøve neppe har slege negativt ut.

111 elevar og 111 år

– To tredjedeler av bygningsmassen vår var ny i 2004. Vi har gode, lyse rom, og alt ligg til rette for god læring og trivsel. I tillegg har vi hatt eit langsiktig mål, og satsa tung på tilpassa opplæring der kvar einskild elev kjem i fokus, seier Roska, og legg til at skulen dei siste åra har hatt ein visjon.

– «På same lag» er ein visjon som vi har tona sterkt i alle samanhengar, seier Roska.

Per i dag har skulen 111 elevar fordelt på sju klassetrinn.

– Pussig nok er skulen 111 år gammal også, seier Roska.