På botnen i verdas djupaste fjord

Artikkelen er over 6 år gammel

Møt krabber, vakre sjøstjerner og lubne sjøpølser.

DEL

Sist veke var forskarar frå Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen og Umeå universitet på tokt i Sognefjorden. Om bord på FF Håkon Mosby var oppgåva å dokumentere naturtypar frå yst til inst i fjorden. Mellom anna laga dei videoen som du kan sjå her.

Starta yst

Dei starta kartlegginga si yst i Sognesjøen, som er porten inn til sjølve Sognefjorden. Så gjekk turen vidare til det bratte terskelområdet utanfor Losnenosen. Der filma dei i det bratt skrånande området, og etter kvart senka dei videoriggen Chimaera med på 1200 meter djupne i dei ytre delane av bassenget i Sognefjorden. To dagar seinare vart kartlegginga avslutta inst i fjorden.

Vakkert

I terskelen inn til Sognesjøen var dei bratte fjellpartia fullsette med sjøpølse. Dei ligg der og fangar partiklar i det vatn frå djupet strøymer inn over den skrånande fjellbotnen.

Desse er ikkje direkte vakre, men det er sjøstjernene som lever på mudderbotnen om lag 1200 meter under havoverflata. Desse er ikkje berre vakre, men også sjeldne. Men på botnen av Sognefjorden er det mange av dei.

Tal armar og storleik tyder på at det er arten Hymendodiscus coronata som held til der.

Mange artar

Mellom dei vakre sjøstjernene kraup mange ulike eksemplar av trollhummar. Sjøkreps og snodige organismar som dei fleste av oss aldri har sett før kryp også rundt på botnen i verdas djupaste fjord.

Det er flest artar yst i fjorden, i indre delar blir artane færre, kan forskarane slå fast etter toktet dei gjorde innover fjorden sist veke.

Artikkeltags