Overraska av kort avstand

Politikarane i Askvoll kommunestyre på synfaring i Kvammen før dei skal behandle reguleringsplanen for Engebø.

Politikarane i Askvoll kommunestyre på synfaring i Kvammen før dei skal behandle reguleringsplanen for Engebø. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Askvoll-politikarane såg det planlagde gruveområdet på Engebø frå si side av fjorden.

DEL

Politikarane i Askvoll kommunestyre skal torsdag ettermiddag vedta om dei gir grønt lys eller ikkje til det planlagde gruveprosjektet i Engebøfjellet.

Før møtet vart sett, vart politikarane køyrde til Kvammen og Leknes, der Engebøfjellet ligg like over fjorden.

Fleire av politikarane verka overraska over kor nær det planlagde gruveområdet kjem, og kor smal Førdefjorden er på dette punktet.

I samband med behandlinga av reguleringsplanen på Engebø, er det også venta at det vil komme utsetjingsforslag slik det kom fram då kommunestyret i Naustdal behandla saka i går.

Artikkeltags