- Overhengande fare for liv og helse til arbeidarane

Arbeidstilsynet sa onsdag stopp for vidare arbeid med Dalsfjordsambandet ved ulykkesplassen i Askvoll grunna sikkerheita.

Arbeidstilsynet sa onsdag stopp for vidare arbeid med Dalsfjordsambandet ved ulykkesplassen i Askvoll grunna sikkerheita. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Arbeidstilsynet stoppar arbeidet ved ulykkesstaden

DEL

Arbeidstilsynet har vedteke stogging av arbeid på snuplassen der dumparulykka på Dalsfjordsambandet skjedde måndag.

Les også: Funn på 66 meter djupne

Vegarbeidet elles på Dalsfjordsambandet held fram som normalt.

Synfaring tysdag
Etter synfaring på staden i går, saman med politi, entreprenør og Vegvesenet, har Arbeidstilsynet no kome med pålegg om å stogge alt arbeid i området der ulykka skjedde.

Les også: Dumparen er funnen

Dette er på bakgrunn av overhengande fare for liv og helse til arbeidarane, og vedtaket er i tråd med Vegvesenet si eiga vurdering.

Arbeidet på plassen har i praksis vore stogga sidan ulykka. Det melder Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Alvorlege manglar
Ved tilsynet i går vart det avdekka følgjande alvorlege manglar:

1. Under synfaringa kjem det klart fram at det ikkje har vore etablert sikring/barriere mot fjorden der dumparen forsvann utfor kanten.

2. Arbeidstilsynet legg til grunn at det også er etablert snuplass ved lastestad for pukk, og stansen gjeld også arbeid på dette området.

Arbeidet kan først takast opp att når Arbeidstilsynet har oppheva vedtaket om stansing.

Artikkeltags