Over seks millionar til grasrota

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Nær 900 lag og idrettslag i fylket får vel seks millionar.

DEL

Pengane er spart opp i perioden 1. mai–31. august og er no på veg ut på kontoane til lag og idrettslag over heile landet.

Laga får pengar basert på kor mange spelarar hos Norsk Tipping som har registrert at dei vil støtte laget med grasrotmidlar. Utbetalingane varierer difor frå om lag hundre kroner til nesten 140 000 kroner.

Lite lag, stort beløp

Eikefjorden Idrettslag (EIL) er eitt av laga som utmerker seg. Dei har 185 støttemedlemmer og konkurrer med dei større idrettslaga i grasrotkroner.

– Vi har jobba målretta for å få mange til å støtte, seier leiar for EIL Lars Terje Standal.

Mellom anna har laget henta inn 9.-klassingar som skal spare pengar til klassetur. Dei har fått eit beløp frå idrettslaget for å verve nye tipparar til å registrerer seg.

– Alle kjenner nokon som tippar, og det jo vinn-vinn å registrere seg. Laget får pengar og det går ikkje ut over dei som tippar, seier Standal.

Mykje pengar, lite administrasjon

Han trur at jobben dei har gjort for å forklare dette for medlemmene sine er viktig for at så mange støttar laget. No er det 185 som har registrert seg slik at grasrotmidlane deira går til EIL. Idrettslaget har brukt klubbmøte og andre samlingsstader til å informere om kor lett det er å støtte dei lokale organisasjonane.

– Grasrotmidlane er med på å sikre ein grei økonomi for laget. Det er kjærkomne midlar som treng lite administrasjon. Oppfordringa må bli at enda fleire brukar denne måten å støtte lag og idrettslag, seier han.

Sjekk ditt lag her ved å klikke her.

Ti på topp:

Lag

Registrerte gjevarar

Bidrag

FØRDE IDRETTSLAG

367

kr 139 832

MOEN BJØRN MINNEFOND

337

kr 137 422

DYREBESKYTTELSEN SOGN OG FJORDANE

338

kr 125 185

GAULAR IDRETTSLAG

168

kr 121 753

IDROTTSLAGET JOTUN

249

kr 108 033

SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL

230

kr 101 684

EID IDRETTSLAG

258

kr 98 666

FLORØ SPORTSKLUBB

316

kr 86 884

EIKEFJORD IDRETTSLAG

185

kr 77 952

STRYN TURN OG IDRETTSLAG

228

kr 71 295

Kjelde: Norsk Tipping

Artikkeltags