Gå til sidens hovedinnhold

Over 1000 stengd inne i Vieåsen

Artikkelen er over 9 år gammel

Elv stengjer veg til bustadområde.

Ei elv har gått løpsk i byggjefeltet Vieåsen i Førde, og kommunen vurderer fortløpande situasjonen. Førebels er vegen stengt for personbilar. Meir enn 1000 personar har denne vegen som einaste tilkomstveg til bustadane sine.

BAKGRUNN: Brannsjefen: - Det er det reinaste kaos
LES OGSÅ: Politiet åtvarar: - Hald deg unna Førde sentrum i natt

Aldri før

- Eg har aldri sett maken. Eg veit at denne grova har gått over breiddene ein gong før. Men det har aldri vore så gale som dette, seier Tommy Aasen i Førde kommune som hadde vakt i området klokka 20.20 måndag kveld.

Store mengder vatn strøymer over vegbana, og vegen er full av steinar og grus i over 100 meter nedover mot Viebøen.

- Vi må berre følgje nøye med utviklinga. Og akkurat no ser det ikkje ut til at nokre av bustadhusa er truga, seier Aasen.

MEIR OM SAKA: Grotle: - Vi skal ikkje evakuere

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33