Over 100 år sidan sist

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Berre ein fjerdedel av vanleg nedbørsmengd.

DEL

Påska vart avslutta med at mars vart til april. Og påskevêret oppsummerer langt på veg vinteren vi har hatt.

I mars kom det berre 46,4 millimeter nedbør, mot normalen som er på 172 mm.

– Det er lenge sidan det har vore målt så lite nedbør i Førde. Førre måling som var så låg var i 1909, då kom det 16 mm nedbør, seier meteorologi konsulent, Kari Bergfjord ved Meteorologisk institutt.

Meir regn i Angedalen

Ho fortel at på Botnen i Angedalen har det vore målt mindre nedbør enn i Førde i år, men også der må vi mange år tilbake.

– Det kom 9,5 mm i 1974, men dei har til samanlikning fått over 60 mm i år, seier Bergfjord.

– Det er sjeldan vi har slike år. Førde er ein av dei plassane i landet med mest nedbør, og mars brukar å vere ein månad med mykje nedbør, seier Bergfjord.

Fire tørre månadar

Det er ikkje berre mars månad som har vore tørr. Frå desember og til enden av mars har det komme 400,5 mm nedbør. Normalen i denne perioden pleier å vere 794 mm.

– Det har komme omtrent halvparten så mykje nedbør som normalt dei første månadane i år. Det er spesielt, seier Bergfjord.

Våt sommar?

Bergfjord fortel at det fine vêret vil vare nokre dagar til.

– Det blir fint vêr denne veka og, men truleg kjem der noko regn i helga, seier ho.

Ho fortel at eit høgtrykk over Skandinavia er grunnen til det fine vêret.

– Det har lege eit sterkt høgtrykk over Skandinavia ei periode no. Det har pressa vekk lågtrykket og skapt austavêr, seier Bergfjord, men ho vil ikkje gje seg utpå å spå om sommaren blir like bra.

– Ein kan sjølvsagt håpe på fleire slike periodar. I 1964 hadde vi ein liknande periode om vinteren, då vart det ein skikkeleg våt sommar, men om det er noko samanheng skal vere usagt, seier Bergfjord.

Artikkeltags