Osland held styrevervet trass i kritikken

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Trass i kritikk frå kulturlivet og fylkesrådmannen, vel Lidvin Osland å halde på vervet som styreleiar for Folkemusikkfestivalen.

DEL

– For meg er dette ei ikkje-sak. Eg har diskutert problemstillinga med fylkesrådmann Per Drageset, og habilitetsspørsmålet blir løyst ved at Drageset personleg lagar innstillingane om festivalstøtte, seier Lidvin Osland til Firda.

Etter det vart kjent at han tek over som styreleiar for Folkemusikkfestivalen, har fleire i kulturlivet stilt seg sterkt kritiske til fylkeskulturdirektørens mange hattar.

Osland blandar rollene, uttalte Gudmund Eikenes, styreleiar for Opera Nordfjord, til NRK. Også Odd Stubhaug i Kinnaspelet reagerte, og såg det som uheldig at Osland er styreleiar i eitt av kulturtiltaka som han sjølv skal fordele pengar til. Drageset, Oslands sjef, uttalte til Bergens Tidende at «dette er ikkje det luraste Lidvin Osland har gjort».

I praksis blir Osland og alle byråkratane på kulturetaten ugilde i spørsmål som gjeld festivalstøtte. Dermed må fylkesrådmannen lage innstillinga når festivalstøtta skal fordelast i januar.

Trond Ueland, leiar for valkomiteen som samrøystes innstilte Osland som styreleiar, seier at han vart valt for å fremje festivalen på nasjonalt plan.

– Festivalen har ein sterk ambisjon om å bli ein nasjonal knutepunktsinstitusjon, noko som vil føre til auka løyvingar. Denne oppgåva meinte vi at Lidvin Osland, med hans bakgrunn frå kulturleiing på nasjonalt plan, var best skikka til å løyse, seier Ueland.

– I eit lite miljø som Sogn og Fjordane, har vi i praksis få personar å velje i med tyngde og breitt nettverk innan kultursektoren, seier han.

Norvald Nøringset, leiar for kulturkomiteen, meiner at det blir politikaranes rolle å finne ryddige ordningar. Men han opnar også for at kultursjefen kan komme til å måtte revurdere det nye vervet sitt:

– Viss Osland misser truverde i forhold til festivalane, er det klart at han bør vurdere om han skal ta på seg styreleiarvervet eller ikkje, seier Nøringset.

Artikkeltags