- Ørna tek kjæledyra

Kattane Oda og Marko har eit eige lite hus ute i hagen i Korsavegen. Der er det varmeovn som syter for god temperatur når det er ekstra kaldt ute.

Kattane Oda og Marko har eit eige lite hus ute i hagen i Korsavegen. Der er det varmeovn som syter for god temperatur når det er ekstra kaldt ute. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Ørna tok katten til Unn for to år sidan - nyleg var også Oda nær med å bli ørnemat

DEL

No oppmodar katteeigaren Unn Vatsø andre om å passe godt på kattar og små hundar når det blir mange kuldegrader - då er dei nemleg utsett for ørneangrep, meiner Vatsø.

- Såg ut som ein gigantisk sommarfugl

Ein kald vinterdag for to år sidan forsvann katten til Vatsø brått. Ut frå rimspora i hagen er ho overbevist om at det var ørna som sette klørne i den seks kilo tunge Burman.

– Det såg ut som at det hadde vore ein gigantisk sommarfugl ute i hagen, seier Vatsø som også lette etter katten svært lenge utan resultat.

I fleire veker etter at katten forsvann var ørna å sjå rundt huset til familine kvar einaste dag. Truleg var den svolten og på jakt etter fleire kattar, meiner førdekvinna som fortel at ho fekk beskjed om at det i såfall var ei kongeørn som tok Burman.

Ser ørna når det er kaldt

– Vi ser ørna veldig ofte når det er veldig kaldt, ofte nede ved Løken der den går etter endene. Men når det er plussgrader ser vi den ikkje, seier Vatsø og viser til at det blir tøffare for ørna å finne mat når det kaldt ute, og at det nok er difor den gjekk til angrep på katten hennar i hagen i Førde.

Katten Oda nær ved å bli ørnemat

I haust var det same nær ved å skje på ny med katten Oda.

– Dottera mi var ute i nærleiken av huset då ho med eitt såg ei stor ørn komme fykande. Den var på full veg ned mot bakken og katten vår, men heldigvis greidde Silje å skremme ørna vekk, fortel Vatsø som gjennom sitt tidlegare engasjement i Dyrebeskyttelsen har høyrt om fleire tilfelle der kattar har blitt tekne av ørn.

Hindrar ørna med snører

Etter hendinga i haust sikra førdekvinna hagen med snøre som hindrar ørna i og komme opp og ned i hagen, så no kjenner ho seg tryggare på at kattane er trygge.

– Oda har også fått husarrest på dagtid når det er veldig kaldt ute, det er nemleg då vi ser at ørna kretsar rundt området her, seier Vatsø og klappar på den svarte hokatten som saman med katten Marko har eit eige lite kattehus ute i hagen.

- Kan få smertefull død

Inne i det vesle huset har dei ei seng med saueskinnspels dei kan kose seg på og ein varmeomn som syter for behageleg temperatur.

Når det blir mørkt ute, får kattane gå fritt i hagen, då er dei nemleg trygge for ørna.

– Vi kan ikkje heilgardere oss mot farar, men det er ein smertefull død kattane får i ørneklørne, og dei har ikkje ein sjanse.

Oppmodar katte-og hundeeigarar om å passe på

No oppmodar Vatsø alle som har kattar og små hundar om å halde dyra inne når det er mange minusgrader ute.

– Då er matsituasjonen til ørna vanskelegare enn elles og ho vert meir desperat, meiner førdekvinna.

– Men uansett bør ikkje kattar vere ute når det så kaldt som no. Om du ikkje sjølv orkar tanken på å gå ut fordi det er så kaldt, så må også katten få vere inne. Dei er glade i varme og frys relativt lett, seier Vatsø.

- Ikkje vanleg

Ifølgje Terje Thon, som gjennom 40 år har tileigna seg kunnskap om ørna, er det ikkje ofte at den mektige skapningen tek kattar eller små hundar.

– Heilt uvanleg er det ikkje, men det skjer ikkje ofte, så det er eit veldig lite problem, seier Thon og viser til at det i så fall er kongeørna det er snakk om. Den et nemleg pattedyr.

Han syner til at han årleg høyrer om 2–3 tilfelle der ørn tek kattar.

Sky og nysgjerrig skapning

– Sjølv om ørna skulle komme nær og sjå ut til å ville lande, så må ein hugse på at den er ein nysgjerrig skapning. Dessutan er den veldig sky, så det er slett ikkje vanleg at den kjem inn i tett busetnad, det er ikkje normal oppførsel av den, seier Thon.

Om det er veldig strenge vintrar med ein del snø, kan ørna slite med at dei får for lite mat.

– Men slik stoda er no, har vi ikkje ein streng vinter i den forstand, seier han, og legg til at det uansett er naturens gang at dyr et dyr.

Artikkeltags