– Ordføraren ofrar oss for Naustdal

ordførar: Frida Melvær.

ordførar: Frida Melvær. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Frida Melvær burde bekymre seg meir for to bedrifter i sin eigen kommune enn ei gruve i Naustdal, meiner oppdrettarane.

DEL

– Kva er det vår eigen ordførar, Frida Melvær driv med? Spør Ingvar Osland.

– Her går ho i bresjen, saman med Naustdal-ordførar Håkon Myrvang og kjempar for eit sjødeponi som vil ta knekken på to oppdrettsanlegg i sin eigen heimkommune, seier Ingvard Osland.

Ofrar 150 millionar årleg

– Ho vil altså ofre to bedrifter med ei årleg omsetting på 150 millionar kroner i sin eigen kommune for å få ei gruve i ein annan kommune, eit opplegg som vi ikkje veit noko som helst om kva ringverknader vår eigen kommune får av, seier Alex Vassbotten.

Frida Melvær syner til at ho følger eit vedtak i kommunestyret:

Blir ikkje råka

– Eg har eit fleirtalsvedtak frå kommunestyret i Askvoll frå 2011 å forhalde meg til. Det er basert på over 40 delrapportar, konsekvensutgreiing og ei saksutgreiing som seier at oppdrettsnæringane i fjorden ikkje vil bli råka av tiltaket, seier Frida Melvær.

– Men nå du no høyrer kva oppdrettarane seier, føler du at vedtaket frå 2011 er godt å støtte seg til?

– Fleirtalet i kommunestyret baserte sitt vedtak på fleire rapportar og ei saksutgreiing som synte at dei andre næringane i fjorden ikkje ville bli råka av tiltaket, og det skal og etablerast eit omfattande overvakingssystem som skal følge opp fjorden og oppdrettsnæringa, og det er eitt av dei krava som vi har lagt inn. Tilleggsundersøkingane som no er gjort støttar opp under dei vurderingane vi gjorde då, seier Melvær.

Artikkeltags