Gå til sidens hovedinnhold

Ordførar mista lappen

Artikkelen er over 18 år gammel

Krf-ordførar Gunn Helgesen i Selje må klare seg tre-fire månader utan førarkort etter at ho vart stoppa av politiet med 90 km/t i 60-sona gjennom Åheim sentrum.

– Eg har gjort ein feil og legg ikkje skjul på det. No er eg budd på å ta konsekvensane av det eg har gjort seier Helgesen til Sunnmørsposten.

Det var sist fredag kveld at ordføraren vart stoppa under ein fartskontroll i 60-sona like etter Åheim sentrum, på veg frå Selje til Bryggja for å møte partitopp Jon Lilletun.

– Eg var litt seint ute og var meir konsentrert om klokka enn om speedometeret, seier Helgesen, som har hatt førarkort i 26 år, men som aldri før har vorte «huka» i fartskontroll.