– Bygningar ved skateboardparken ved ungdomsskulen på Sandane er grisa til av tagging i løpet av natta. Politiet har funne tak i ein mann i 20-åra som hadde oransje måling på fingrane, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme til firda.no.
Vedkommande har status som mistenkt i saka, og er teken inn til avhøyr.