Ops... her blei det språkkrøll

FINN FEILA: Avinor avslører manglande nynorskkunnskap.

FINN FEILA: Avinor avslører manglande nynorskkunnskap. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Skiltblemme på Anda

DEL

Nye skilt skal leie bilkøyrande flypassasjerar på Sandane lufthamn til rett plass. Men skilta avslører at nynorskkunnskapane ikkje er Avinors sterkaste side.

Forflytningshemma

«Forflytningshemma» glimrar med sitt fråvær i den nynorske ordlista. Men ordet lyser mot alle som kjem bilvegen til flyplassen. Og saman med rullestolsymbolet er det nærliggjande å tru at Avinor tenkjer på rørslehemma.

På eit anna skilt får vi også vite at dei «forflytningshemma» kan parkere gratis, det same er tilfelle for Elbilar.

Språkblanding

– Det har vore ei blanding av nynorsk og bokmål, og det er beklageleg viss nokon reagerer på språkdrakta. Men vi held på å korrigere feila, og skal bestille nye skilt, seier lufthamnsjef Jon Granheim.

Fleire skilt må byttast ut, for feilskrivingane avgrensar seg ikkje til hovudskiltet.

Ved Parkeringsautomaten står ei punktvis opplisting av vilkåra for parkering og ferdsel på flyplassen. Også her florerer skrivefeila og samanblandinga mellom nynorsk og bokmål.

Bokmål og skrivefeil

Det er det berre å ta fram ordlista og leite etter feila. For det finst fleire av dei. Sjå berre her:

Pkt. 2: «Parkering er berre tillatt for registrerte køyretøy.»

Pkt. 3: «På reserverte plassar er parkering tillatt med spesiell tilatelse»

Pkt: 5: «EL-bil og forflytningshemma parkerer gratis.»

Pkt. 6: «Overtredelse av bestemmelsene kan medføre kontrollavgift kr 500,- + evt uteståande P-avgift og fjerning av kjøyretøy

Artikkeltags