(NPK): No skal det bli slutt på at bygdedyret herjar fritt omkring. I mai opnar humorbonde Geir Styve eit eige reservat for bygdedyr.

Søkjer om reservat

– Eg har søkt kommunen om å få byggja eit reservat der bygdedyret kan trekkja seg tilbake, fortel Styve til nettsidene for Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

Strilebonden frå Hjelmås i Lindås kommune i Hordaland kallar seg humorbonde og har i fleire år vore oppteken av å ta knekken på bygdedyret. I staden ønskjer han å setja mot i folk og oppmuntra dei.

Ikkje plass til bygdedyret

Han er ikkje åleine. Heimbygda hans har etablert seg som 5915 Humorbygda og har markert seg sterkt for å spreia inspirasjon og oppmuntring. På ein slik stad er det ikkje plass til bygdedyret, meiner Styve.

Han har difor søkt Lindås kommune om å få bruka 50 kvadratmeter utmark til eit reservat for bygdedyr.

Utvidar reservatet

Kommunen meinte på si side at arealet var i minste laget og har i kommuneplanen innstilt på at reservatet for bygdedyr bør utvidast til det doble. På plankartet blir området merkt som kulturminne.

– Vi håpar at reservatet skal bli eit minne om bygdedyret som ein gong fanst, seier Styve. (©NPK)