Oppedal vert ordførar og Mjømen varaordførar

Artikkelen er over 7 år gammel

... og no kjem nattevakta inn att på eldresentera

DEL

Hallvard S. Oppedal (Sp) vert ny ordførar i Gulen og Arve Mjømen (H) overtek som varaordførar.

10. oktober skal det nye kommunestyret konstituerast, og då overlet Trude Brosvik (KrF) førarsetet etter 12 år som ordførar.

Avtalen mellom Senterpartiet inneheld ifølgje Strilen også litt politikk. Mellom anna er ein samde om at nattevakt på eldresentera i Brekke og på Byrknes må inn i budsjettet for neste år. Dei er fjerna av det sitjande kommunestyret, som har innført ein ordning med ambulerande nattevakt i staden.

Når det gjeld utvalsleiarar og samansetjinga av hovudutvala, skal ei arbeidsgruppe med representantar frå alle partia i kommunestyret drøfta dette, seier Oppedal til Strilen.

Artikkeltags