Oppbevarte pasientarkiv i kjellarlager

HARASTØLEN: Vart bygd av St. Jørgen Hospital som Lyster Sanatorium i byrjinga av 1900-talet. Tuberkulosesjukehuset var i drift til 1959, og vart deretter psykiatrisk sjukeheim og asylmottak.

HARASTØLEN: Vart bygd av St. Jørgen Hospital som Lyster Sanatorium i byrjinga av 1900-talet. Tuberkulosesjukehuset var i drift til 1959, og vart deretter psykiatrisk sjukeheim og asylmottak. Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Publikum tipsa om arkivet før fylkesarkivet og fylkeslegen rykte ut og sikra det. Arkivet inneheldt mellom anna opplysningar om psykiatriske pasientar ved Førde si avdeling på Tronvik.

DEL

Etter tips valde fylkeslegen og fylkesarkivet å setje i verk strakstiltak for å sikre pasientopplysningane frå den tidlegare psykiatriske institusjonen Harastølen i Luster.

– Fylkeslegen fekk ein telefon og saman drog vi til Luster og fann arkivmaterialet liggjande i kjellaren, seier arkivar ved fylkesarkivet Karianne Schmidt Vindenes. Ho opplyser og at det var full tilgang til den tomme bygningsmassen gjennom eit knust vindauge.

Juridisk leiar for fylkeslegen i Sogn og Fjordane, Trude Måseide, seier at dei no sender saka vidare til Helsetilsynet for å finne ut om det er grunnlag for vidare reaksjonar på funnet av usikra pasientopplysningar.

– Vi vil at dei skal vurdere om det er grunn til å følgje saka vidare, seier Måseide.

Psykiatriske pasientar

Pasientkorta som no er sikra, inneheldt informasjon som namn, fødselsnummer, adresse, kva institusjon pasienten vart flytta til, eventuell dødsdato og kvar pasienten vart gravlagd. Opplysningar om pasienten sine næraste pårørande står og på arkivkorta.

Kvar pasientane kom ifrå eller vart flytta til vart og opplyst om på pasientkorta. Fylkessjukeheimen Tronvik ligg som kjend på Kyrkjebø i Høyanger, og det har tidlegare vore kjend at mange av pasientane frå Harastølen vart flytta dit etter nedlegginga i 1991.

St. Jørgens stiftelse

Det var Norges eldste stifting, St. Jørgens Stiftelse i Bergen, som dreiv Harastølen som psykiatrisk sjukeheim og eigde den store bygningsmassen, men dei fekk driftstilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ansvaret for arkivet låg og under stiftinga St. Jørgens Hospital, men det har ikkje lukkast fylkeslegen å få kontakt med nokon i stiftinga.

Artikkeltags