Gå til sidens hovedinnhold

Opnar asylmottak 1. mars

Artikkelen er over 12 år gammel

1. mars opnar asylmottaket ved Jølster hotell.

Dette opplyser regiondirektør i UDI Region vest, Atle Berge.

Onsdag sa utlendingsdirektoratet (UDI) ja til å etablere 80 mottaksplassar ved Jølster Hotell på Vassenden. Samstundes fekk Hero grønt lys til å utvide mottaket i Førde med 30 plassar. Også her er datoen 1. mars.

Les også: 130 asylplassar i Jølster og Førde

– Denne gongen fann vi både pris og tilbod godt nok til å seie ja til søknaden om å etablere mottak på Vassenden, seier Atle Berge.

Anna storleik
Han meiner både kommune og lokalsamfunn vil kunne takle å ta imot 80 asylsøkjarar, men kan ikkje seie kvar asylsøkjarane som blir plassert på Vassenden kjem frå.

– Det veit vi ikkje, men i dag ser vi dei største flyktningstraumane kjem frå Afghanistan, Somalia, Irak og Eritrea. Dette er område som er herja av krig, og viss dagens utvikling held seg til inngangen og mars vil mottaket på Jølster få asylsøkjarar frå desse landa, seier Berge.

Skilnaden på søknaden frå Norsk Folkehjelp og Norsk Mottaksdrift ligg først og fremst i storleiken på mottaket. Norsk Folkehjelp søkte om 80 plassar, medan Nors Mottaksdrift fekk for få månader sidan fekk nei til sin søknad om 130 plassar.

Ser utfordringar
– Vi føler at UDI no har teke omsyn til vår hovudbodskap sist det var aktuelt å etablere mottak på Vassenden, seier ordførar Gerd Dvergsdal.

Ho ser at kommunen vil få klare utfordringar, men føler seg sikker på at kommunens organisasjon er i stand til å takle dei.

– Enno veit vi for lite til at eg kan vere konkret på kva utfordringar som ventar, men at helsesektoren blir sentral er det ingen tvil om. Om det blir auka press i skule- og barnehagesektoren veit vi først når vi får oversikt over kven som kjem, seier Gerd Dvergsdal.