Operasjon på direkten frå Førde til Expo 2000

Artikkelen er over 18 år gammel

Som einaste sjukehus i Norden, utfører Sentralsjukehuset i Førde ein operasjon direkte på World Congress of High-tech Medicine, som er den medisinske delen av verdsutstillinga.

DEL
Professor og kirurg Roberto Bergamaschi skal gjennomføre ein tarmoperasjon som skal overførast direkte via videokonferanse til storskjerm i Hannover i Tyskland 16. oktober.

Han skal også halde eit føredrag på verdsutstillinga to dagar seinare.
Bergamaschi, som arbeider på kirurgisk avdeling ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, opererer med kikholskirurgi og er tilknytt Nasjonalt senter for laparoskopi i Trondheim.

– Spektakulert
– Norske, medisinske miljø er mellom dei fremste i verda innanfor telemedisin. Denne overføringa vil vere mellom dei spektakulere hendingane på Expo 2000 sett med norske, medisinske auge, seier Bergamaschi.

– Medan kirurgien er eldgammal, har kikholskirurgien berre vore utført i ti år. No som tidlegare må ein ofte leggje ut tarmen hos pasientar med tjukktarmskreft, men dei siste åra er det gjort store framsteg i utviklinga av kirurgiske teknikkar for behandling av tjukktarmskreft.

Unngår utlagd tarm
– Det finst kirurgiske metodar som kan brukast for å unngå utlagd tarm utan å auke førekomsten av komplikasjonar. Dette gjeld pasientar som vert operert for å fjerne tjukktarms- og endetarmskreft. I tillegg kan metodane brukast for å lindre plager knytte til kreftsjukdommen hos pasientar som av forskjellige grunnar ikkje kan verte operert. Kirurgen si rolle er å velje den kirurgiske teknikken som passar den enkelte pasient best med det for auge å unngå alle unødvendige funksjonstap, seier Bergamaschi.

Artikkeltags