Ønskjer klager offentleggjort på nett

Ønskjer betring: Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, trur meir openheit kan gjere det lettare for pasientar å klage på eventuelle feil i kommunehelsetenesta. Eit konkret forslag er å offentleggjere klagene på nettsidene til kvar kommune.

Ønskjer betring: Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, trur meir openheit kan gjere det lettare for pasientar å klage på eventuelle feil i kommunehelsetenesta. Eit konkret forslag er å offentleggjere klagene på nettsidene til kvar kommune. Foto:

Mange kvir seg for å klage på kommunale helsetenester. Pasient- og brukarombodet i fylket meiner kommunane er for dårlege på å handtere klager og kritiske tilbakemeldingar. No vil ho ha kommunale klager offentleggjort på nett.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Vi opplever jamleg at folk ikkje ønskjer å ta opp hendingar med kommunehelsetenesta si. Vi meiner sjølv vi ser ein forskjell på handsaming av klager hos spesialisthelsetenesta (sjukehusa) og kommunehelsetenesta, seier Lisa Førde Refsnes.

Ombodet meiner mange kvir seg på å klage på helsetenester som vert ytt i nærmiljøet der dei bur, då dei er redde for konsekvensane av dette i små og gjennomsiktige lokalsamfunn.

– Vi har i ein del saker sett at kommunehelsetenestene til dømes vert personleg indignerte eller går i forsvarsposisjon når dei skal handtere ei klagesak. Når pasientane vert møtte med slik oppførsel, vert det vanskeleg for dei å klage. Pasientane er redde for å bli oppfatta som «vanskelege», kommenterer Refsnes.

Offentleggjort på nett

Pasient- og brukarombodet har difor sendt ut eit skriv til alle kommunane i fylket, der ho oppmodar dei til betring på feltet. I?skrivet ber ho kommunane legge betre til rette for at brukarane av dei kommunale helse- og omsorgstenestene tør å klage på svikt i tenestene. Openheit er det viktigaste middelet til målet, meiner ho.

– Meir openheit kan vere eit verkemiddel for å ufarleggjere og senke terskelen for å klage. Ei offentleggjering av anonymiserte klager på nett vil gje signal om at kommunane ønskjer tilbakemeldingar frå pasientane sine. Det gjev òg befolkninga peikepinn på kva som er status på kommunen si handtering av feil og avvik. Det er eit viktig signal å gje ut at ein ønskjer slik tilbakemelding og at ein evnar å handtere dette, uttalar Refsnes.

Komme for å bli

– Openheit som ledd i kvalitetsarbeidet i norsk helsevesen har komme for å bli. Dette må også den kommunale helse- og omsorgstenesta ta inn over seg, skriv ombodet i brevet til kommunane.

Spesialisthelsetenesta har ei lovpålagt plikt til å melde ifrå om hendingar som har ført til, eller som kunne ha ført til, betydelege personskadar. Dei fleste helseføretak har også valt å offentleggjere dette utan at det er krav om det. Refsnes meiner det er på tide at kommunane òg tek etter på feltet.

Artikkeltags