Ønskjer å frede fleire minne om småkårsfylket

KULTURMINNE: Husmannsplassen Råkeneset i Solund er blitt freda. Men i indre deler av fylket er det få freda stadar som viste korleis småkårfolk levde.

KULTURMINNE: Husmannsplassen Råkeneset i Solund er blitt freda. Men i indre deler av fylket er det få freda stadar som viste korleis småkårfolk levde. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Diskuterer fire-fem aktuelle stadar.

DEL

– Sogn og Fjordane har mange freda embetsmannshus og flotte hus i sveitsarstil. Men freda bygningar som viste korleis småkårsfolket levde, er det få av, seier fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad.

Kvardagslivet

“Kvardagsdelen” av av Sogn og Fjordanes bygningshistorie ligg langt framme i tankane, når fylkeskulturavdelinga no gir innspel til Riksantikvaren om kva anlegg og tema som kan vere aktuelle for freding under kulturminnelova og Riksantikvarens regime.

– Vi har ein pågåande diskusjon om fire-fem stadar som kan vere aktuelle for freding, men vi vurderer dette opp mot vern gjennom bygningslova, skriv fylkeskonservator Eva Moberg i eit svar på Rikantikvarens ønskje om innspel til fredingsstategi.

Breiare utval

Fylkeskonservatoren kjem i dette brevet ikkje inn på konkrete bygninga eller anlegg. Det gjer heller ikkje fylkesdirektør Erikstad, når Firda spør om ho kan gi konkrete døme på bygningar ho har på fredings-ønskjelista.

– Men vi ønskjer eit meir representantivt utval enn vi har i dag, og vi ønskjer å sikre fleire bygningar som speglar av andre samfunnslag enn embetsmannsklassen, seier Erikstad.

Råkenes

– Til dømes har vi i dag freda husmannsplassen Råkenes i Solund. Men vi har ikkje noko tilsvarande freda døme på korleis småkårsfolk budde i innlandet, seier fylkesdirektøren.

Erikstad seier ho ikkje ønskjer å namngi stader som kunne vere interessante, fordi det i slike vernesaker er heilt avgjerande å ha ein god dialog og eit godt samarbeid med eigaren av eigedommen det gjeld.

– Vi er avhengige av at eigaren ser verdien av ei freding, seier ho.

Lærdalsøyri

På eitt område er Erikstad konkret:

– Det har i ulike samanhengar blitt diskutert om heile det verneverdige området på Lærdalsøyri burde få fredingsstatus etter kulturminnelova. Samstundes må eg streke under at det verneregimet som gjeld i dag, har fungert veldig godt, seier ho.

Turisme og gardsanlegg

I brevet til Riksantikvaren nemner fylkeskulturavdelinga fem konkrete tema for fredingar etter kulturminnelova. Desse er:

Føremålstenlege bygningar og anlegg knytte til den tidlege turismen

Gardsanlegg frå tidleg 1900-tal

Ferdighus i dragestil

Anlegg knytt til skogsdrift.

Mangesysleri og kommunehus

Fylkeskulturavdelinga listar også opp ei rekkje tema som dei meiner treng meir utgreiing for å finne dei beste døma:

Stølsmiljø

Naust- og sjøhusmiljø

Høgdegardar

Anlegg knytt til fiskeindustri etter 1900

Anlegg knytt til bøndenes mangesysleri, til dømes pelsdyroppdrett, ishus, tobakkshus og laksefiske

Anlegg knytt til fiskarbondens virke

Kaialegg, pirar og vorrar

Mindre tekniske og industrielle kulturminne

Krigsminne

Hytter, fritids- og friluftslivsanlegg knytt til industristadane

Forsamlingslokale

Kommunale administrasjonsbygg

Artikkeltags