Olve Grotle blir ordførar

Olve Grotle og Høgre gjorde eit godt val i fylkets største kommune. No vert han ordførar.

Olve Grotle og Høgre gjorde eit godt val i fylkets største kommune. No vert han ordførar. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Tysdag kveld var dragkampen over, og dei politiske toppverva i Førde er fordelt.

DEL

Og ikkje uventa blir Høgres Olve Grotle ny ordførar i Førde.

Jan Taule, Venstre, blir ny varaordførar etter at Høgre, Venstre, KrF og Sp vart samde i eit møte som vart avslutta like over klokka 20.00 tysdag.

– Det har heile tida vore ein god tone mellom oss, dramatikken har nok vore størst sett frå utsida, seier Grotle. Sliten, men nøgd med resultatet.

Les også: Det nye bystyret i Førde er klart

Dei fire partia har fleirtal i bystyret og semja i kveld inneber at ordførarkabalen er lagt. Avtalen gir KrF og Sp plass i formannskapet.

Her kan du sjå valresultatet frå Førde.

Før møtet mellom dei samarbeidande partia tysdag kveld, uttalte Bjørn Harald Haugsvær i KrF at alt var ope.

Venstre og KrF hadde også tilbod om varaordførarvervet i samarbeid med Arbeidarpartiet der Terje Gjertsen ville vorte ordførar.

Artikkeltags