Gå til sidens hovedinnhold

Olsen held fram som fylkesleiar

Artikkelen er over 12 år gammel

Knut M. Olsen frå Jølster held fram som fylkesleiar i Senterpartiet, etter årsmøtet i Førde i helga.

Andre valde i styret er Einar Kjerpeseth (Bremanger) Gunn Åmdal Mongstad (Solund), Ove Varlid (Førde), Nils Myklebust (Vågsøy), Karen Marie Hjelmeseter (Sogndal) og Karoline Aldis Bjerkeset (Gloppen). Sistnemnde er den einaste nye i fylkesstyret. Valet var i tråd med valnemndas tilråding.

Andre styremedlemmer som ikkje er valde av årsmøtet er stortingsrepresentant Erling Sande, Bjørg Bergheim (Senterkvinnene), Anita Nybø (Senterungdommen) og Jenny Følling frå fylkestingsgruppa.