Til helga kjem Sogndals-artisten Olav Stedje med ny live-plate som inneheld gamle og nye låtar.
Gammalt NRK-opptak
– Opptaket blei gjort for halvtanna-to år sidan i eit NRK-studio, og vi syntest opptaket var så bra at vi ville gi det ut på CD, seier artisten.
Artisten har gitt ut ti album tidlegare, og no kjem live-plata «I levande live» . Plateselskapet Tylden &Co står bak plata.
– Eg trur CD-en kjem i butikken fredag eller i laurdag. Den har blitt noko forsinka, seier Stedje.
-Kjem nok med fleire plater
Men artisten stoppar nok ikkje med denne plata.
– Vi har ikkje fleire planlagde CD-er, men det er godt mogleg at det kjem fleire, seier Stedje.
Stedje med Førde ungdomskorps
Fredag kveld er Stedje i Førde og skal ha ei øving saman med Førde ungdomskorps. Han skal nemleg vere med korpset på nyttårskonserten deira i Førdehuset i helga.
- Eg skal vere med og syngje litt saman med dei, og fredag kveld skal vi øve saman, fortel den folkekjære artisten.