Gå til sidens hovedinnhold

Øberg krev lojalitet frå tilsette

Artikkelen er over 11 år gammel

Men Helse Førde ventar med omstillingsvedtaka.

Helse Førde- styret gjorde ingen konkrete omstillingsvedtak i dagens møte, korkje om fødestova i Lærdal, endringa av overvakinga på Eid, eller den varsla reduksjonen av ortopedien ved eitt av lokalsjukehusa.

Skjørt budsjett

Men budsjettet for neste år er skjørt, og dette poengterte fleire av styremedlemmene.

Rune Larsen ville få med eit punkt om at det blir lagt fram eit notat om Eira til neste styremøte, men dette fekk ikkje fleirtal i styret.

Les også: Vil stengje Eira innan fire månader

Dei mest gjennomføringsføringsklare grepa måtte takast så tidleg som råd, poengterte styremedlem Harry Mowatt.

- Best å skilje lag

Anni Felde i styret gjekk ut mot tilsette som kjempar mot omstillingane som er banka igjennom.

-Det må ein gong vere slik at når eit vedtak er fatta, så skal det også setjast ut i livet. Vi kan ikkje halde fram med at slike ting blir sabortert, slo Felde fast.

Ho fekk også støtte frå styreleiar Clara Øberg.

- Eg ventar at tilsette og verneombod er med i kuttprosessen så lenge den går føre seg. Men når det blir omkamp når tiltaka er sett i verk, så oppnår ein berre å svekkje tenestetilbodet. Og då blir det enklast for den tilsette og Helse Førde å skilje lag. Ein skal ikkje jobbe i Helse Førde for einkvar pris, slo Øberg fast.