Nytt liv i lokallaget

står saman: Interimsstyret startar arbeidet med det nye lokallaget. F.v. aktivitetskoordinator Ingvild Tjønn Hansen, Kristine Wallestad, Jorunn Eide Kirketeig, Tor Holsen, Heidi Ekehaug og Oddlaug Kvame. Foto: Marie Havnen

står saman: Interimsstyret startar arbeidet med det nye lokallaget. F.v. aktivitetskoordinator Ingvild Tjønn Hansen, Kristine Wallestad, Jorunn Eide Kirketeig, Tor Holsen, Heidi Ekehaug og Oddlaug Kvame. Foto: Marie Havnen Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: No skal dei jobbe for å betre kvardagen til sjuke og pårørande.

DEL

– Å stå saman vil gjere det så mykje enklare. Det er viktig for å få ein betre kvardag for demenssjuke og for å ta betre vare på pårørande, seier initiativtakar Jorunn Eide Kirketeig.

Måndag var det kurskveld om demens på Helsetunet i Førde med blant anna Nasjonalforeningen for folkehelsen. Der blei det sett ned eit interimsstyre for Sunnfjord demensforeining, som ikkje har vore aktiv på nokre år. Målet er å sette saman eit ordinært styre av ulike faggrupper, pårørande og brukarar frå dei ulike kommunane, på årsmøtet våren 2015.

Viktige lokale ressursar

– Lokallaget er viktig fordi ein får kontakt med lokal kompetanse og fagfolk. Det er viktig å bruke dei lokale ressursane, seier aktivititetskoordinator ved fylkeskontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane i Nasjonalforeningen for folkehelse, Ingvild Tjønn Hansen.

Ho legg vekt på at lokallaga jobbar for å lage gode lokale tilbod for demenssjuke.

– Det er flott med ein felles arena for pårørande, personar demens og fagpersonell, seier Tjønn Hansen.

Noko av det viktigaste er å møte andre i same situasjon, meiner ho.

– Det er eit fellesskap der du kan hente og dele erfaringar. Å høyre at eg ikkje er den einaste som har blitt sint på den som er sjuk eller at eg ikkje er den einaste som synest det er slitsamt, har stor verdi.

Rammar også pårørande

– No er målet å få ei solid og god foreining opp å gå. Og å lage ein aktivitetskalender som er overkommeleg, seier Kirketeig.

Eit av medlemmene i interimsstyret er sjukepleiar Oddlaug Kvame som tidlegare jobba i demensteamet i Naustdal kommune. No har ikkje kommunen demensteam.

– Eitt av måla våre er å få i gang demensteam i alle kommunane, seier Kirketeig.

Kvame er oppteken av at lokallaget kan samle folk.

– Ein må ikkje stå åleine. Demens er ein sjukdom som rammar pårørande like mykje som dei sjuke. Og så må ein få vekk tabuet og snakke meir ope om sjukdommen. Der har vi ein veg å gå små plassar samanlikna med til dømes Oslo.

Fakta

Nasjonalforeninga for folkehelsa er ein frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeiningar over heile landet. Interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.

Artikkeltags