Nytt ja til gruveplanane

Kommunestyret i Askvoll sa ja til gruveplanane i Engebøfjellet,, med 14 mot ni røyster.

Kommunestyret i Askvoll sa ja til gruveplanane i Engebøfjellet,, med 14 mot ni røyster. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Kommunestyret i Askvoll gav også grønt lys for planane på Engebø.

DEL

Onsdag vedtok kommunestyret i Naustdal reguleringsplanen for Engebø, som gir grønt lys for gruveutbygging i Engebøfjellet.

Dagen etter vedtok også kommunestyret i Askvoll denne reguleringsplanen, med 14 mot ni røyster.

Samla Venstre mot
Dei som stemde mot reguleringsplanen var sju medlemmer av Venstre, Venke Nordeide i Arbeidarpartiet og Sigrid Lunde i Kristeleg Folkeparti.

Blant dei sju Venstre-medlemmene er Bjørn Arne Mjåseth og Turid Mattevik medrekna. Dei sit i det noverande kommunestyret som representantar utan parti, men begge er no innmelde i Venstre.

Utsetjingsforslag nedstemt
Før vedtaket om reguleringsplanen vart gjort, vart det først stemt over eit utsetjingsforslag fremja av Venstre. Dette vart nedstemt med 15 mot åtte stemmer.

Debatten rundt saka varte i rundt ein time før vedtak var fatta.

Synfaring først
Vedtaket vart gjort etter at kommunestyret først hadde vore på synfaring til Kvammen og Leknes, som er dei stadene i kommunen som ligg tettast opp til det planlagde gruveområdet.

Fleire av politikarane verka då overraska over kor nær Engebøfjellet ligg dei to stadene på andre sida av Førdefjorden.

Artikkeltags