Nytt avfallsanlegg

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Vil reinse 65.000 tonn oljeavfall på Fjordbase.

DEL

SAR søker om å få reinse 15.000 tonn borekaks og 50.000 tonn oljehaldig vatn ved Fjordbase i Flora. SAR tar allereie i dag imot slikt avfall, men sender det vidare til Averøy og Sandnessjøen. No håpar dei å sleppe mellomlagring og transport.

– Vi har fått ein ny kontrakt med Statoil, og det er meir føremålstenleg for oss å gjere reinsinga der avfallet kjem til land, seier SAR-direktør Per K. Nagel.

Førebels er volumet litt usikkert, men Nagel håpar det blir nok til å bygging ut full kapasitet på 65.000 tonn.

Som følge av reinseprosessen, vil det bli utslepp av vatn med restmateriale, mellom anna tungmetall. Fordi operasjonen skal handtere så store mengder avfall, må tiltaket konsekvensutgreiiast.

Anna fjordverksemd

Havlandet Marin Yngel AS ligg også på Fjordbase. Verksemda har stamfisk av torsk, i tillegg til ein aukande produksjon av berggylte. Til produksjonen blir det henta sjøvatn frå to inntak i fjorden.

– Vi driv ein biologisk og ømfintleg produksjon. For oss er det difor viktig å informere, slik at ei eventuell ny verksemd kan ta omsyn til det, seier dagleg leiar Halvard Hovland.

Han vil mellom anna krevje overvaking av råvatnet som dei hentar inn frå fjorden. Han viser også til at fjorden, innanfor terskelen på 75 meter, er 140 meter djup. Og meiner at det må undersøkast om farlege partiklar vil samle seg der.

Tilgrensande område

I Botnafjorden finst det yngelproduksjon, ei slaktemerd og eit settefiskanlegg. I dei tilgrensande fjordane, Årebrotsfjorden og Norddalsfjorden, finst det rekefelt. I Årebrotsfjorden er det fleire oppdrettsanlegg.

I Klavfjorden, aust for Botnaneset, er det gytefelt for kysttorsk. Fiskeridirektoratet skildrar situasjonen for kysttorsk som pressa, direktoratet legg difor vekt på at det må gjerast grundige undersøkingar av straumtilhøva.

Også Sogn og Fjordane Skogselskap har uttrykt uro for planteskulen på Brandsøy, og for eigne planar om oppdrett.

Artikkeltags