Nynorskpris til Ronny

Ronny Brede Aase starta radiokarrieren sin som 19-åring i NRK Sogn og Fjordane. No jobbar den ferske prisvinnaren i P3. Arkivfoto: Eli E. Vengen

Ronny Brede Aase starta radiokarrieren sin som 19-åring i NRK Sogn og Fjordane. No jobbar den ferske prisvinnaren i P3. Arkivfoto: Eli E. Vengen Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

22 år gamle Ronny Brede Aase i NRK P3 får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Prispengar til øl og CD-plater

– Det er kjempestas og samstundes veldig overraskande å vinne prisen. Som DJ på P3 har eg ikkje akkurat gått rundt og tenkt på at eg kunne vinne ein slik pris, seier førdianaren som er klar på kva han skal bruke pengane på.

– Dei går rett til depositum til ny leilegheit. Og så til litt øl og CD-plater, ler den ferske prisvinnaren som har har arbeidd som DJ i P3 i snart to år. Han skriv òg bloggar i ungdomskanalen.

22-åringen starta radiokarrieren som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane som 19-åring.

Stolt av dialekten si

Juryen grunngjev valet av Brede Aase med at «hans naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt på lufta kan vere eit føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar og auke toleransen og forståinga for nynorsk hjå dei som har det som sidemål.»

– Eg ser det som heilt naturleg å bruke dialekten mi, den er ein så stor del av min personlegdom. Eg er glad for at det er høve til å nytte dialekt i NRK,

i ein del kommersielle kanalar er ikkje det like sjølvsagt, seier 22-åringen til firda.no.

SMS med dialektskryt

Brede Aase vart nominert av sjefen sin i P3, Bjørn Tore Grøtte.

– Vi er stolte av Ronny. Han er ein uredd, temposterk og stilsikker radiopersonlegdom. Ronny har ei eiga evne til å få folk til å opne seg, det viser det store talet tekstmeldingar vi får til showet hans, seier Bjørn Tore Grøtte til NRK Sogn og Fjordane.

Sjølv får Brede Aase mange gode tilbakemeldingar frå P3-lyttarane sine. – Eg får ofte tekstmeldingar frå folk som likar dialekten mi og lurer på kvar eg er ifrå, seier 22-åringen som har vikariat i P3 ut året.

”En sjelden blomst”

I framlegget sitt til juryen for nynorskprisen, dreg Grøtte fram at som ”plateprater i et slikt format med utpreget nynorskbruk i et marked som stort sett består av østlendingar, så er Ronny en sjelden blomst”.

Grøtte peikar på at Brede Aase brukar dialekt og nynorsk på ein utmerka måte, som ingen andre av hans kaliber gjer i Noreg. –Norsk språk har godt av unge journalister som Ronny, skriv Grøtte i nominasjonen til juryen, som hadde 30 framlegg å velja mellom.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut under Dei nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, torsdag 25.juni. Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, Kjell Erik Kallset og Odd Reidar Solem.

Artikkeltags