Gå til sidens hovedinnhold

Nyasfaltert veg høgre enn støypekanten

Artikkelen er over 8 år gammel

Nokre meter nedanfor ligg Breimsvatnet.

På fylkesveg 694 mellom Reed og Årdal i Gloppen vart det lagt ny asfalt i sommar. Resultatet er at vegbana ligg ein centimeter over støypekanten som skal hindre at bilar sklir i Breimsvatnet som ligg fire-fem meter lenger nede.

– Deler av vegstrekninga er livsfarleg, og partiet i Seimestranda er eitt av dei, seier sjåfør i Firda Billag, Oddvin Førde.

Når han køyrer bussruta mellom Årdal og Reed passerer han gjennom Seimestranda fire gonger dagleg. Med skuleelevar på veg til og frå skule på Byrkjelo og på Sandane som passasjerar.

Gruar seg til vinteren

– Vegbana er svært smal, og kjem bussen på sig, går den rett i vatnet. Ingenting kan hindre ferda, og eg ser fram til vinteren med gru. Vi veit at nyasfalterte parti er spesielt skumle, fordi fersk asfalt blir glattare når den frys enn den som har lege nokre år, seier Førde.

Seimestranda er eitt av fleire parti på strekninga der vegen går tett ved Breimsvatnet. På fleire parti er vegbana sikra med skrensekantar og høgre støypekantar, men der gamle støypekantar er einaste sikring stikk desse sjeldan meir enn 20 centimeter over vegbana. Dette fordi kanten har sige, men også som ei følge av asfaltering utan at gammal asfalt blir slipt vekk.

– Desse få centimetrane er null verdt viss ein buss eller anna køyretøy kjem på glid, seier Førde.

Håp om raske tiltak

Byggeleiar i Statens vegvesen, Steinar Håvik, er orientert om situasjonen på vegstrekninga.

– Strekninga vil bli varsla med markering som ei mellombels ordning. Den er også blant dei strekningane der det er svært ønskjeleg med rekkverk, seier Håvik.

Han kan derimot ikkje love at prioriteringa blir høg nok til at det blir sett i gang arbeid i haust.

– Det er utarbeidd eit forfallsregister som er oversendt fylkesleiinga, og blir vurdert i desse dagar. Det er mange dårlege strekningar på fylkesvegar rundt om i fylket, men dei verste strekningane på vegen mellom Reed og Årdal har prioritet. Om den når opp blant dei som får midlar når restpotten for 2013 skal fordelast veit eg ikkje. Viss den når opp kan det vere håp om at arbeidet med å sikre dei mest utsette strekka kan komme i gang i haust, seier Håvik.

Kommentarer til denne saken