Gå til sidens hovedinnhold

Ny sandhall på Vie

Artikkelen er over 9 år gammel

Til hausten kan heile idretts-Førde trene innandørs på oppvarma sandbaner. Det opnar for nye idrettsgreiner.

Ein 700 kvadratmeter stor sandhall skaper rom for å utvikle nye idrettsgreiner i Sunnfjord. Mellom anna skal den 12 meter høge hallen huse oppvarma beach-baner til volleyball, handball og fotball.

Treng leigetakarar
- I utgangspunktet vurderte vi å byggje sjølv, men det hadde blitt ei dyr affære. Då vi fekk vite at Hellenes tilfeldigvis skulle flytte ut av industribygget sitt på Vie, greip vi sjansen, fortel rektor Jorun Knapstad ved Sunnfjord Folkehøgskule.

Ho har allereie snakka med fleire aktuelle leigetakarar frå både kommune og idrettslag, og har i tillegg søkt Førde kommune om tilskot.

- Vi veit framleis ikkje om vi får dei årlege 100 000 kronene vi søkte om, men gjennomfører likevel. No vonar eg berre at folk vil sjå potensialet i hallen når den vert realisert, og at den vert teken i bruk av mange ulike leigetakarar, smiler Knapstad.

Ho ser for seg at hallen kan bli nytta av alt frå barnehagar til elitespelarar.

Unikt på landsbasis
I høve nyopninga av sandhallen har folkehøgskulen starta ei ny sandvolleyballinje denne hausten. Den er truleg ein av grunnane til ei auke i elevtalet frå vanlege 90, til noverande 120.

- 15 har allereie søkt seg inn på beachvolley-linja. Det er langt meir enn venta, særskilt fordi vi ikkje har reklamert noko særleg for dei nye banene, fortel Magne Hornnes, som jobbar som volleyballærar ved skulen.

Han er stornøgd med satsinga, og meiner hallen er unik i landssamanheng.

- Slik eg forstår det er det berre ei liknande bane elles i landet. Med ei innandørs bane vil vi kunne halde på toppspelarane våre lengre, seier Hornnes.