Gå til sidens hovedinnhold

Ny fiskebåt til Herland

Artikkelen er over 9 år gammel

«Atløy Viking» skal starte fisket etter nyttår

Kor mykje som er investert i kjøpet av båten vil ikkje hovudeigar Rolf Arne Nordstrand ut med.

– Det er snakk om store investeringar. Innanfor fiskeri er det blitt svært store summar det dreiar seg om, seier Nordstrand.

Fem eigarar

Reiarlaget er eigd av Rolf Arne Nordstrand, som er hovudeigar, saman med Vidar Tviberg, Kjell Håvard Nordstrand, Cato Nordstrand og Roald Vårdal, som alle har ein part i reiarlaget.

Dei har i dag fiskebåten «Atløybuen», og denne har dei selt med kontrakt på levering i desember.

– Men før vi sel den skal vi ut og fiske NVE- sild (Norsk vårgytande sild), seier Nordstrand.

Seks arbeidsplassar

Fiskebåten, som vert formelt overteken om eit par veker, når alle papira er klare, vil ha seks arbeidsplassar. Alle dei tilsette er heimehøyrande i Askvoll kommune, fire på Atløy, og to i Bulandet.

– Årsaka til at vi no satsar og vel å kjøpe ein ny og større båt, er at vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass. Vi kjøper ein betre båt med større kvote, noko som er heilt avgjerande i konkurransen med andre jobbar, til dømes i Nordsjøen. Det er viktig å halde standarden på båten, og ha moglegheit for ei akseptabel inntekt, seier Norstrand.

Stor båt

Den nye båten til Atløy Fisk As er 37,5 meter. Dette er ein stor fiskebåt, og Nordstrand takkar Sparebanken Sogn og Fjordane i Askvoll for deira innsats som har gjort det mogleg for reiarlaget å kjøpe denne båten.

– Vi har også valt eit namn på båten som har vore brukt her på Herland før. Knut Magnus Landøy hadde tidlegare ein båt med namnet «Atløy Viking», og sidan det ikkje er i bruk lenger, men liksom høyrer til her på Herland, så har vi valt å søkje om å få bruke det, seier Nordstrand.

Båten har dei kjøpt frå Myre i Lofoten, og den skal no til Johansen slipp på Raudeberg for å få installert nytt RSV-anlegg, og bli oppgradert. Båten er opphavleg svensk og bygd i 1984. Den vart kjøpt til Norge og ombygd i 2008.

Båten har kvotar på sild, makrell, torsk og sei.