NPK-eigarane er usikre på flytting til Førde

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

-Nynorsk Pressekontor treng ikkje sjølv finne på alt det skriv om. Byrået kunne bli flinkare til å ta bilete og utføre intervju på oppdrag i Oslo for kundane, seier Unn Aarrestad. Men ho er usikker på om Førde er plassen for NPK.

DEL

Styreleiarane hos eigarane til Nynorsk Pressekontor diskuterer gjerne geografisk spreiing av NPK. Men dei tykkjer ikkje Førde peikar seg spesielt ut som lokalisering.

Dei tre eigarane er Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag.

Saknar betre innhald

Unn Aarrestad er styreleiar for Kringkastingsringen som mellom anna arbeider for bruk av nynorsk og dialektar i media.

-Det viktigaste for at NPK skal klare drifta si, er godt innhald; at dei finn tenester og forretningsområde som media og lesarar er opptekne av. Og då kan det også vere slik at NPK bør kunne levere fleire lengre artiklar. I dag vert det for mykje korte tekstar, seier Aarrestad.

Ho er samd med Arve Sandal i at NPK kan samarbeide tettare med Nynorsk Mediesenter.

-Men med dagens teknologi kan ein heller treffast av og til - alt treng ikkje vere samla i Førde. Det er viktig for nynorsken å ha bevisste brukarar over heile landet, særleg no i samband med sidemålsdebatten, seier Aarrestad.

-Må vurdere utspelet

Styreleiar Endre Brunstad i Noregs Mållag meiner utspelet frå Sandal er interessant, og at ein må vurdere det.

-Sjølv om tanken om utflytting ikkje er ny, er det viktig at diskusjonen kjem no, seier Brunstad og viser til at det nyleg vart kjent at NPKs daglege leiar og redaktør, Asgeir Olden, skal byrje i ein annan jobb.

-Mållaget ser på dette med opne auge. Ved utflytting må ein i tilfelle få ein delt redaksjon. Nynorskmiljøet er sterkt i Førde, men om Førde vert den eine plassen, er ikkje så viktig; Oslo må uansett inn i ei delt løysing, seier Brunstad.

Han fortel at 86 prosent av nynorskbrukarane bur på Vestlandet, men at nynorsk likevel ikkje skal vere eit vestlandsspråk.

Ungdomslaget kritisk

Noregs Ungdomslags styreleiar Åge Avedal, som kjem frå Leirvik i Hyllestad, har ikkje diskutert ei eventuell NPK-flytting i organisasjonen sin. Men han tykkjer personleg at utspelet til Sandal er interessant.

-Ja, særleg med tanke på det å byggje opp eit større nynorsk mediemiljø i Førde. Men det vil bli ei ulempe for NPK å flytte unna sentrale maktorgan. Då vil byrået risikere å miste tyngd ved ikkje å verte oppfatta som riksdekkjande, men regionalt. Eit samspel mellom NPK og andre nynorskverksemder bør ein kunne utvikle utan flytting, seier Avedal.

NPK-sjefen sluttar

Redaktør og dagleg leiar av Nynorsk Pressekontor (NPK), Asgeir Olden, blir ny nestleiar for Institutt for journalistikk i Fredrikstad.

Jobbskiftet har etter det Firda erfarer ingenting med ei eventuell flytting av NPK å gjere.

Journalist Inger Robøle Kristiansen i NPK seier dei tilsette er samde med styreleiaren sin, Hallvard Julseth, som tidlegare i veka uttala at byrået bør liggje nær sentrale styringsorgan, og at NPK også får markert nynorskens sak i hovudstaden.

-Argumentasjonen hans er dekkjande for det vi meiner, seier Kristiansen.

Firda freista tysdag å få ein kommentar til diskusjonen kring NPK frå Kulturdepartementet, i og med at byrået får statsstøtte. Men korkje statsråd Valgjerd Svarstad Haugland eller nokre av medarbeidarane hennar var tilgjengelege.

Firda-redaktør Jan Atle Stang, som sit i NPK-styret for Noregs Mållag, ønskjer ikkje å kommentere saka.

Artikkeltags