Heilt sidan Martha Bjørvik Angedal starta tilbodet «inn på tunet» på Angedalen gard i 2008, har ho dobla omsetnaden kvart år. Berre ved å halde på med den jobben ho trivst best med – å gje vanskelegstilte born og unge eit aktivitetstilbod der dei lærer å takle livet betre.

No er ho nominert til Årets bygdeutviklingspris.

– Det er utruleg stort å vere nominert til dette – det hadde eg aldri trudd eg skulle bli. Eg føler meg kjempeheldig som har moglegheit til å drive tilbodet på garden, seier 30 år gamle Angedal.

I oktober fekk ho den fylkesvise Bygdeutviklingsprisen for 2013.

– Eg har hatt mål om å hjelpe vanskelegstilte born på Angedalen gard sidan eg var 19. Då begynte eg på sosionomstudiet. Etter det har det vorte studiar innan psykiatri og barnevern, seier Angedal, som også er oppvaksen på denne garden.

Garden tilbyr tilrettelagde velferdstenester som mellom anna skal gje meistringskjensle, og aktivitetane er knytt til livet og arbeidet på garden.

To andre kandidatar

Det er Innovasjon Norge som deler ut Bygdeutviklingsprisen, og Angedal er nominert saman med Moer gard og Norwegian Antibodies AS, og Balke Gård.

– Det er veldig kjekt å sjå at det harde arbeidet eg har lagt ned i garden vert lagt merke til. Ein del av dette arbeidet har vore litt usynleg, fortel Angedalen.

Ho legg til at det spesielt var mykje hardt arbeid dei første åra garden var ein realitet.

– Då hadde eg ulike type brukarar i huset kvar einaste dag, gjerne døgnet rundt, seier Angedal, og medgir at det kunne bli slitsamt.

For kring halvanna år sida fekk ho støtte av Innovasjon Norge til å restaurere kårhuset på garden.

– Det gjorde det lettare å skilje mellom jobb og privatliv.

Prisen vert delt ut av Innovasjon Norge kvart år, til ein person som står bak ei suksessfull etablering eller bedriftsutvikling med utgangspunkt i landbruket og ressursane i bygda.

Pengane til brukarane

Viss den unge gründeren vinn, er ho klar på kva ho skal bruke dei 250.000 på.

– Til å gje brukarane eit endå betre tilbod. Men eg vil ikkje utvide garden, for eg har ikkje tru på å samle veldig mange brukarar på éin plass, seier Angedal.

I dag har ho 17 brukarar på garden, men aldri meir enn to om dagen. I fjor omsette ho for 2,7 millionar kroner, og garden har i dag 12 tilsette.

Prisen vert delt ut i samband med Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin 16. januar.