Nok å gjære på til jul

Stian Sjursen Takle har brygga mange ølsortar i år. Her står han med kveitebrygget "Farsund", laga i mai i år.

Stian Sjursen Takle har brygga mange ølsortar i år. Her står han med kveitebrygget "Farsund", laga i mai i år. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Lagde eiga øloppskrift og vann gullmedalje.

DEL

«Halbrendslia Bryggeri» kallar dei det vesle bryggeriet i Halbrendslia. Stian Sjursen Takle og sju andre kameratar byrja for eit år sidan å brygge sitt eige øl. Dei byrja fyrst med andre sine oppskrifter, men har i seinare tid laga eigne.

– Det er jo verkeleg ein vitskap. Vi har vore veldig opptekne av å lære handverket skikkeleg, fortel Sjursen Takle.

I haust fekk dei løn for strevet i form av fyrsteplass på Oktoberfestivalen i Dale.

– Det var moro. Spesielt sidan det var vår eiga oppskrift. Vi har kalla alle ølsortane våre opp etter stadnamn i Førde, og denne gongen var det «Viefjellet» som stakk av med gullmedaljen, smiler han.

Vaks opp med brygging

Sjursen Takle vaks opp på ein gard i Lavikdalen der dei brygga øl to gonger i året.

– Vi brygga øl til jul og til sommar. Det har familien min gjort i fleire generasjonar, så det var noko eg ville ta me meg då eg flytta til Førde.

Det var ikkje før i fjor han gjorde alvor av planane og sette opp eit lite bryggeri i garasjen og rekrutterte den øltørste kameratgjengen sin.

Sosial hobby

Det er ikkje berre sluttresultatet som er viktig for bryggarlaget i Halbrendslia. Bryggeriet er òg ein samlingsstad for kameratgjengen.

– Vi er åtte travle menn og har ikkje ofte moglegheita til å treffast. Då er det godt å ha ein aktivitet og samlast rundt om lag ein gong i månaden, seier Sjursen Takle.

Bryggeriet har så å seie gått kontinuerleg sidan dei kjøpte utstyret i fjor.

– Vi byrja med 25 liter, men no har vi dobla til 50. Vi har vel brygga 18–19 gonger i år, så det har blitt nokre flasker på kvar, seier Sjursen Takle, og ler.

Smak tel mest

For Sjursen Takle er det smaken som er det viktige, og ikkje alkoholmengda. Han fortel at det er to måtar å brygge øl på; den gamle og den nye.

– Om ein bryggar på gamlemåten er det ein sterkare og søtare øl, medan brygging på den nye måten har meir oppskrifter, mykje humle og fleire typar korn i seg, seier han.

Han meiner at øl har blitt meir som vin.

– Vi bryggar øl til forskjellige matrettar, ikkje berre for å ha drikke til fest, seier han.

Sjølv om ølet blir brygga for å nytast, kunne Sjursen Takle likevel tenkt seg å bli med i fleire konkurransar. Det gav meirsmak å delta i ølkonkurranse på Oktoberfesten i Fjaler.

– Å bli med i NM ein gang er ikkje uaktuelt. Det er jo moro å konkurrere mot dei beste. Det er jo først då ein veit korleis ein ligg an, seier han.

Må ha tolmod

Det inngår meir i brygging enn å berre blande korn og humle med vatn. Blandinga skal gjære i rundt to veker før den tappast på flaske og modnast. Denne prosessen kan ta alt frå to veker til eit halvt år.

– Vi har ei blanding ståande no som skal modnast i eit halvt år. Det blir utruleg spanande å smake på, men eg trur den er god, seier Sjursen Takle.

Når julekvelden nærmar seg skal Stian og resten av Halbrendslia Bryggeri smake dei edle dropane

Artikkeltags