- No startar galskapen

I dette terrenget vil den 110 meter lange aluminiumsbrua bli bygd. Onsdag starta jobben med å flyge opp alt utstyret.

I dette terrenget vil den 110 meter lange aluminiumsbrua bli bygd. Onsdag starta jobben med å flyge opp alt utstyret. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Byggjer bru i dette området.

DEL

Onsdag morgon starta jobben med å byggje den spektakulære brua i Via Ferrata Loen. Aluminiumsbrua med ei lengde på 110 meter vil krysse eit gjel i fjellsida rett overfor Hotel Alexandra, og utgjer det andre byggesteget i prosjektet.

To helikopter

-No startar galskapen, ja. Og når denne brua står ferdig er det ingen tvil om at Via Ferrata-anlegget vil få eit kraftig løft. Og eg ser ikkje bort frå at dette vil bli den spektakulære i Norge, seier Erik Brendefur og ser dei to helikoptera gå skytteltrafikk mellom Loen og den stupbratte fjellsida.

-Det er totalt sju personar som skal byggje brua dei komande vekene. Det første dei kjem til å gjere, er å bore hol i fjellet slik at dei får forankra brufesta. Dette er arbeid dei har gjort tidlegare, og vi reknar med at den spektakulære brua skal vere ferdig i løpet av 14 dagar, seier Brendefur.

I løpet av august

I løpet av onsdagen vart innpå 10 tonn med diverse utstyr frakta opp i fjellsida. Alt frå boltar, wire, portalar, bruelement, kompressor og diverse anna utstyr.

-Arbeidarane går i gang med jobben umiddelbart. Og dei jobbar uavhengig av veret, seier Brendefur og ser nøgd at alt utstyret i løpet av ettermiddagen er forflytta opp i fjellsida.

Artikkeltags