Preben Moen (23) er ein av 405 ungdommar som er nominert til leiarprisen Helt Sjef. Moen og 19 andre ungdommer har teke seg vidare til finalen og kjempar om mellom anna 10.000 kroner til karrieresatsing.

Frå 28. mai til 10. juni kan ein stemme fram sin favoritt blant kandidatane her (ekstern lenke).

Tok over på kort tid

Moen fekk draumejobben på tragisk vis, då faren gjekk bort alt for tidleg. Han måtte på kort tid ta over 22 årsverk og leie ei stor bedrift i ein tung marknad. Han vart Norges yngste hotelldirektør og invitert til å møte kronprinsen som ein del av Unge leiarar. Hotelldirektøren ønskjer å drive eit meir ansvarleg og bærekraftig hotell som kan gi fleire heilårstoøsette og bidra til næringsutvikling i kommunen. No kjempar han side om side med 19 andre ungdommer om tittelen Helt Sjef.

Les også: Preben (22) er Norges yngste hotelldirektør

– Eg vart rett og slett veldig rørt. Mest grunna alt det fine som dei som har nominert meg har skrive om meg. Men det å få beskjeden om eg var av dei 20 som hadde komme vidare, det var ufatteleg artig. Eg visste ikkje om at eg var nominert i utgangspunktet og vart igrunn ganske sjokka, seier Moen, som likevel understrekar at det var ein veldig kjekk telefon å få.

Sterke leiarevner

Og begrunning til juryen var det ingenting å seie på.

– Preben er eit flott eksempel på arbeidsom ungdom med sterke leiarevner, er noko av det juryen trekk fram.

No er hotelldirektøren spent på korleis det går mot dei 19 andre. Men han er langt i frå sikker på at han blir Helt Sjef.

– Det er vanskeleg å seie. Det er mange flinke folk med, og det er mange dyktige gründerar. Det får vere opp til folket og juryen å avgjere om eg går vidare. No håpar eg at Sogn og Fjordane viser si støtte. Eg har sjølvsagt eit håp, men for meg er det like viktig at ein frå Sogn og Fjordane går av med sigeren, seier den unge hotellsjefen, seier Moen.

Vinneren av Helt Sjef får 10.000 kroner, ein inspirasjonsreise, samt eitt års oppfølging med den anerkjente leiarcoachen Alf Inge Stiansen.