Gå til sidens hovedinnhold

No kan dei røyste frå sofaen

Artikkelen er over 11 år gammel

Elleve kommunar får prøve e-val i 2011

Av 35 søkjarar fekk 11 vere med i forsøket med elektronisk stemmegiving i 2011.

200. 000 får røyste elektronisk

– Vi hadde ikkje trudd vi fekk vere med, seier ein glad ordførar i Bremanger i Sogn og Fjordane, Kåre Olav Svarstad.

I dei elleve forsøkskommunane har om lag 200.000 veljarar røysterett, og kommunane vart plukka ut på bakgrunn av fleire faktorar. Ordføraren i Bremanger trur dei vart valt ut fordi dei er ein grisgrendt kommune.

– Eg trur vi fekk moglegheita fordi kommunen er grisgrendt. I tillegg bur skuleungdommane borte, og vi har fiskarar som har problem med å få stemt ved val, seier Svarstad.

Auka deltaking

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) har tru på at dette forsøket skal få opp valdeltakinga i kommunar som Bremanger.

– Eg håpar og ventar auka deltaking, seier Navarsete, som strekar under at elektronisk stemmegiving skal gjere det enklare å stemme der ein er. I tillegg er det viktig å utvikle seg i takt med nye generasjonar.

Staten har løyvd 110 millionar kroner til prosjektet: I tillegg er det meininga at kommunane sjølve skal bidra.

Tryggleik og demokrati

Systemet skal vere brukarvennleg og trygt. Alle veljarane i desse kommunane skal kunne sitje heime og stemme via internett ved neste lokalval, men alle kan også møte opp i vallokalet og røyste med vanleg stemmesetel.

– Alle vil få ein elektronisk id, seier Navarsete, som fortel at denne skal sikre demokratiske rettar som ved eit hemmeleg val.

I tillegg skal ein fylkeskommune bli valt ut til å teste det valadministrative datasystemet. Dette systemet skal effektivisere valarbeidet til kommunane og medverke til betre informasjon til veljarane.