Det seier Jorunn Osland, museumslektor på Garborborgsenteret, til Firda.no. Dei siste månadane har hashtaggen #selfie teke sosiale medium med storm.
Når ein nyttar hashtaggar, eller emneknaggar som det heiter på norsk, legg ein ut bilde av seg sjølv saman med noko spesielt. Dette legg ein ut på bildetenesta Instagram eller på mikrobloggstaden Twitter. Det var Framtida.no som først skreiv om saka.
– Vi er nordmenn. Då bør vi nytte det norske språk i størst mogleg grad, og aller helst på nynorsk. På sosiale medium er det fort engelske ord som får makta i staden for norske. Det er synd, mellom anna fordi det er med på å bygge ned det norske språket. Difor har vi ein kampanje for å få opp bruken av norske merkeknaggar på sosiale medium, seier Osland.
– Selfie er kanskje den merkeknaggen som har vore mest nytta på sosiale medium den siste tida. Difor går vi særleg i bresjen for at det skal heite sjølvi i staden for selfie, held ho fram.
På Garborgsenteret jobbar dei mellom anna for at det skal bli meir nynorsk på nett.
- Les også: Nynorsk i medvind
Norsk Mållag: - God kampanje
Garborgsenteret har også andre favorittar blant dei norske emneknaggane. Dei tek særleg til orde for å nytte #elsk framfor #love, #noldus for ein som er litt teit eller dum, og #æøå. Sistnemnde emneknagg seier ikkje mykje om innhaldet, men er ein identitetsmarkør for danske og norske brukarar av sosiale medium.
– Det er veldig fint at Garborgsenteret tek til orde for større bruk av norske merkeknaggar, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, til Firda.
Ho tykkjer kampanjen er god.
– Merkeknaggar i sosiale medium er vel komne for å bli. Ein større og større del at det offentlege ordskiftet skjer på sosiale medium, og då vert det viktigare og viktigare å passe på at mange av orda som nyttast der er på norsk.
Ho meiner det berre er nordmenn som kan ta ansvaret for å halde det norske språket i hevd.
Rift etter t-skjorter med emneknaggar
For å fremme kampanjen har Osland og dei andre på Garborgsenteret trykt favorittemneknaggane sine på t-skjorter.
– Med det ønskjer vi å syne at det finst norske alternativ til engelske emnknaggar, og prøve å få folk til å nytte dei meir, seier Osland.
T-skjortene vert produsert på Garborgsenteret, og kom nyleg i produksjon.
– Det har vore ein veldig stor etterspurnad etter dei, så no skal vi produsere mange fleire. Kampanjen seglar på ein god bølge no, og vi kjem til å halde fram med kampanjen heilt til den bølga tek slutt, seier Osland.
- Les også: Lokkar med bokmål
– Norsk stort sett godt nok
– Det er finurleg at folk ikkje klarer å finne gode norske ord for ting på sosiale medium. Norsk er godt nok på dei fleste bruksområde, meiner Osland.
– Kvifor kallar vi det selfie? Eg tykkjer sjølvi er eit godt ord, som minner litt om eit damenamn, seier Inger Undheim, avdelingsleiar på Garborgsenteret, til Framtida.no.
Ho har trykt nettopp dette ordet på ei t-skjorte.
Kva er dine favoritt-hashtaggar, eller emneknaggar, på sosiale medium? Har du forslag til gode oversettingar av mykje brukte, engelske emneknaggar?