Ungdomspolitikaren Erlend Bøe frå Florø har no meldt seg inn i Unge Høgre og Høgre.

Bøe var tidlegare ein profilert ungdomspolitikar i Framstegspartiet, men melde seg ut av partiet i protest etter nominasjonsmøtet i lokallaget i februar.

Bøe reagerte sterkt på at Flora Frp ikkje hadde nominert han høgre enn ein sjetteplass, og at gruppeleiar Bjarne Holme trekte seg som ordførarkandidat for å gi førsteplassen til fylkestopp Frank Willy Djuvik.

Etter halvannan månad utan partitilhøyrsle, har ordføraren i Ungdommens bystyre i Flora komme fram til at Høgre er det riktige partiet for han.

- Eg har ikkje behov for å utbrodere noko meir om kvifor eg har meldt meg ut av Frp. Det som er viktig no er at eg meiner Høgre står for den beste politikken lokalt og sentralt. Vi står føre ein valkamp der eg gjerne tek i eit tak, seier Erlend Bøe i ei pressemelding frå Flora Høyre.

Lokallagsleiar Bengt Solheim-Olsen seier at det er naturleg at Bøe med si erfaring vert teken i bruk av partiet, men at Bøe og lokallaget saman må finne ut kor aktiv han skal vere.